Søker om nesten ein halv million til å lage skileikanlegg

LYSLØYPA: Grendalaget håpar å eit skileikeanlegg ved lysløypa i Årdal vil auke bruken.

LYSLØYPA: Grendalaget håpar å eit skileikeanlegg ved lysløypa i Årdal vil auke bruken. Foto:

JØLSTER: Årdal og Helgheim grendelag vil lage eit skileikeanlegg ved lysløypa i Årdalen og søker om 417.140 kroner.

DEL

Grendelaget planlegg å ha skileikanlegget ferdig til november.

Dei har fått godkjent søknaden sin om spelemidlar, men har ikkje fått pengane enno. Dette er på grunn av at Fylkesmannen har godkjent fleire søknadar enn dei har spelemidlar til i år, skriv grendelaget til Jølster kommune.

Grendelaget har difor søkt om forskottering frå Jølster kommune, slik at dei kan komme i gang med arbeidet i haust. Dei søker om 417.140 kroner.

Planen til grendelaget er å planere, drenere og forme terrenget på eit fire dekar-stort område ved sida av lysløypa i Årdalen.

– Vi vil lage kular, hopp og område der ein lærer å svinge på ski. I tillegg til eit flatt område som kan brukast for organisering av ulike leikar på ski, skriv grendelagsleiar Jofrid Aardalsbakke Djupvik i ei skildring av prosjektet.

Målet er også å utvide lysanlegget i området, slik at skileikanlegget blir brukande gjennom den mørke årstida.

Rundt 200–300 brukar lysløypa i Årdal. Grendelaget håpar å doble dette talet, skriv dei i prosjektskildringa si.

Artikkeltags