Gå til sidens hovedinnhold

Terje var førstemann til innveging. – Eg fekk tre aurer, og tenkte det var nok

Artikkelen er over 3 år gammel

JØLSTER: Terje Årnes var først til innveging med tre aurer. – Dei første to kom med ein gong.

Klokka 14 var tida ute i fiskekonkurransen under Jølster Aurefest. Rundt 30 minutt før dette kom jølstringen Terje Årnes med sin fangst. Den bestod av tre aurer på 171, 219 og 292 gram.

Fiskekonkurransen starta klokka 11.

Les også: No er aurefesten i gang. – Vi fiskar der vinnaren stod i fjor

Treng eigentleg ikkje ny bil

– Eg fekk to aurer med ein gong. Så stilna det ei stund. Nærmare klokka 13 fekk eg den siste. Då var det nokon som sa til meg at tre var nok, så då gav eg meg, seier han.

Årnes stod på Sandneset, vest for Årdal. Han brukte ein stor koparsluk med raude prikkar, ein sluk som han har brukt sidan han var 10 år.

 

Tre aurer betyr tre sjansar til å treffe idealvekta, og vinne ein splitter ny Volvo V40 Cross Country frå Frydenbø. Det er tydeleg at Årnes ikkje fiskar berre for å vinne bil.

– Eg veit ikkje, eg. Eg har god bil frå før ... ein Volvo 92-modell, og den funkar bra, humrar han.

– Blir mange om beinet

Like etter at Årnes møtte til innveging, kom andremann Per Ove Thune frå Hafslo. Han har aldri fiske i Jølstravatnet før, men det hindra ikkje han i å få to aurer på 168 og 329 gram. Han brukte ein gul og oransje sluk på 18g kalla Herring Jig.

– Eg fekk berre to napp, så det var bra utteljing. Eg valde å stå i området nær hotellet, for eg måtte gi meg tidleg. Eg måtte opp igjen på hotellet og stille ut, seier han.

 

Thune og ein kompis stiller ut aure- og laksefloger inne på Skei hotell. Det er berre ein hobby, seier han. Han trur mange av deltakarane i fiskekonkurransen kjem tilbake med fisk.

– Det er bra med fisk i vatnet i dag, så det ikkje så vanskeleg å få napp. Det blir nok mange om beinet, seier han.

Les også: Medan andre fiskar, samlar desse gutane inn pengar til Malta-tur

 

Kommentarer til denne saken