Milepåle i tunnelen i Kjøsnesfjorden

I TUNNELEN: Her vert siste salve lagt klar for avfyring. Drivinga i hovudløpet har gått i om lag eitt år.

I TUNNELEN: Her vert siste salve lagt klar for avfyring. Drivinga i hovudløpet har gått i om lag eitt år. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Måndag kveld vart det fyrt av siste salve i tunnelen i Kjøsnesfjorden .

DEL

– Det vi har gjort er at vi har sprengt ut om lag 3000 meter av den planlagde tunnelen. Det volumet som vi har behov for å bygge ut Bjørset-Skei. Då står att det ca. 3500 meter med sprenging av tunnel. Den totale lenga når alt blir ferdig er 8,4 kilometer, då går deler av Støylsnestunnelen inn i den nye tunnelen, seier prosjektleiar for E39 i Statens vegvesen, Svein Reidar Dale.

Det vart henta ut rundt 250.000 kubikkmeter fjell til vegbygginga langs Jølstravatnet. Samstundes blei det lagt grunnlag for ei forlenging av Støylsnestunnelen på riksveg 5.

– Så langt har tunnelsprenginga vore slik den har vore planlagt. Og massane brukast til å bygge E39 Bjørset-Skei.

Tunnelen vert no avsperra til tunneldrivinga startar opp att hausten 2019.

– Vi prosjekterer å utarbeide konkurransegrunnlag som skal ut på anbod i mars 2019, med oppstart etter sommarferien mot hausten 2019, seier Dale.

Den nye Støylsnestunnelen skal stå klar i 2022.

KLAR I 2020: Støylsnestunnelen skal vere ferdig i 2022. Så langt har dei skote seg 3 kilometer inn i fjellet. Total lengde vil bli 8 kilometer.

KLAR I 2020: Støylsnestunnelen skal vere ferdig i 2022. Så langt har dei skote seg 3 kilometer inn i fjellet. Total lengde vil bli 8 kilometer. Foto:

Artikkeltags