Fjernar lysregulering langs Jølstravatnet

STÅR IGJEN: Denne lysreguleringa står ved Hus. Bildet er tatt med utsikt mot Kjøsnesfjorden. Denne blir ståande enn så lenge, medan lysregulerigna ved Langeneset skal bort.

STÅR IGJEN: Denne lysreguleringa står ved Hus. Bildet er tatt med utsikt mot Kjøsnesfjorden. Denne blir ståande enn så lenge, medan lysregulerigna ved Langeneset skal bort. Foto:

Fredag ettermiddag, eller laurdag morgon, blir ei av to lysreguleringar på strekka Bjørset – Skei på E39 tatt bort.

DEL

– Vi skal asfaltere i dag, slik at lysreguleringa blir fjerna på den eine strekka i løpet av dagen eller i morgon. Då blir det att ei lysregulering når vi går inn i påskeveka.

Det seier Svein Reidar Dale, Statens vegvesen sin prosjektleiar for utbetringa av Bjørset – Skei.

Bort for godt

Lysreguleringa som blir fjerna står Langeneset. Her skal det i løpet av dagen bli asfaltert, og ifølge Dale skal det komme opp rekkverk og nokre andre mellombelse ting som må på plass før dei kan opne for fri ferdsel.

Det er ikkje berre påsketuristane som slepp frå turen langs Jølstravatnet med ei lysregulering. Lyset skal bort for godt.

– Dette trur eg alle set pris på. No står det att ei lysregulering. Den vil vere på om lag 300–400 meter, så det begynner å komme seg, seier Dale.

Klar til sommaren

Lysreguleringa ved Hus har heller ikkje lenge igjen. Vegen skal vere ferdig i løpet av sommaren, og Dale meiner dei er i rute.

– Det går stort sett som planlagt. På hovudvegen reknar vi med det meste er klart til vi tar sommarferie.

Sommarferien er framleis nokre månader unna, men påskeferien for vegarbeidarane begynner laurdag. Det blir ikkje arbeid på Bjørset – Skei i påska.

Artikkeltags