Opnar vegen på sørsida av Jølstravatnet

DEL

Fylkesveg 451 på sørsida av Jølstravatnet opnar kl. 15.00 i dag, og det blir fri ferdsel til over helga. Det melder Statens vegvesen.

Det står att noko arbeid som skal utførast i kommande veke, og vegen blir difor stengt på dagtid mellom 08.30 og 14.30 måndag til fredag. Stengetidene tek omsyn til at skulebussar skal fram.

Etter at raset var rydda, måtte rundt 150 meter av vegen byggjast opp att. Det som står igjen til kommande veke er meir plastring og stabilisering i skråninga.

Artikkeltags