Tankbil med bensin «saksa» på riksveg 5

Artikkelen er over 1 år gammel

JØLSTER: Eitt køyrefelt var stengt på riksveg 5 ved Kjøsnestunnelen mellom Skei og Sogndal etter at lastebil med henger «saksa». Vegen er no open for fri ferdsel.

DEL

– Bilbergar er på staden for å hjelpe vogntoget med å kome seg laus, seier operatør Idar Sangolt ved Statens vegvesens vegtrafikksentral Vest litt før klokka 07:00 laurdag morgon.

Ifølgje Sangolt skal det ikkje vere snakk om personskade, og det skal heller ikkje vere andre køyrety involverte i uhellet. Vogntoget skal vere lasta med bensin.

I samband med uhellet som skjedde like ved Kjøsnestunnelen, skal det derimot ha blitt øydelagt delar av rekkverket langs med vegen.

Vegen er no open for fri ferdsel.

Artikkeltags