Melde at riksveg 5 i Jølster var stengd: Viste seg å vere heilt feil

DEL

Fredag klokka 20.15 melde Vegtrafikksentralen vest om at det hadde gått eit steinras på riksveg 5 i Jølster, og at Kleivatunnelen var stengd.

– Det har gått eit ras over riksveg 5 i nærleiken av Kjøsnesfjorden. Vi veit ikkje noko meir enn det. Vi sender ut entreprenør no, sa vaktoperatør Ove Amundsen til Firda klokka 20.16.

Fann ikkje noko ras

Litt etter klokka halv ni hadde Johannes Fossheim frå Skei vore ute og undersøkt vegen.

– Vi har vore på staden og sett, men der var det ikkje noko ras. Trafikken går som normalt, fortel han. 

Klokka 20.45 melde vegtrafikksentralen at vegen var open igjen. 

– Berre å gløyme

– Kva skjedde med raset?

– Det er berre å gløyme. 

– Men de melde at vegen var stengd etter steinras?

– Det hadde ikkje noko med vegen å gjere i det heile, seier Kristian Fauskan ved Vegtrafikksentralen vest klokka 21.00.

Sjølv om Vegtrafikksentralen melde at vegen var stengd, viser det seg altså at den aldri var det. Der har det nemleg vore fri ferdsel heile tida.

– Vi fekk beskjed om at eit steinras dekte heile vegen, og då melde vi at vegen var steng. Men det viser seg at det var ein sauesti som var sperra, og ikkje vegen, seier Fauskan. 






Artikkeltags