Lovar ein dryg milliard til rassikring av riksveg 5

I TUNNEL: Dette var dei aktuelle traséane for den nye tunnelen langs Kjøsnesfjorden, når Vegvesenet presenterte alternativa i 2014.

I TUNNEL: Dette var dei aktuelle traséane for den nye tunnelen langs Kjøsnesfjorden, når Vegvesenet presenterte alternativa i 2014. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SAMFERDSLE: Regjeringspartia og samarbeidspartia har i NTP lagt inn ein dryg milliard til ny tunnel langs Kjøsnesfjorden i Jølster.

DEL

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane fortel representantar frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti at det ligg inne 1,1 milliard kroner i Nasjonal transportplan til rassikring av riksveg 5 i Kjøsnesfjorden i Jølster kommune.

Statens vegvesen har allereie starta planlegginga av forlenging av Støylsnestunnelen med 5 kilometer, og pengane som regjeringspartia og samarbeidspartia i dag lovar er ifølgje NRK fullfinansiert i første del av Nasjonal transportplan for 2018–2029.

Prosjektet med utviding av Støylsnestunnelen låg òg inne i førre NTP for perioden 2014–2023. Men det er altså først no pengane til å sette spaden i jorda kjem.

– Det er rett at prosjektet var inne, men pengane må også kome. No er det klart at pengane kjem til å starte opp, og det er det som betyr noko, seier stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn, til NRK.

Det er ikkje sett ein dato for når prosjektet tek til, men er det venta at arbeidet i Kjøsnesfjorden vil starte så snart planane er klare, melder NRK Sogn og Fjordane.

Artikkeltags