Stor redningsaksjon: Mann fall 20 meter

TURSTI: Dei franske turistane skulle gå Lundeskaret i Jølster då ulykka skjedde.

TURSTI: Dei franske turistane skulle gå Lundeskaret i Jølster då ulykka skjedde. Foto:

Turistane fekk sjølv varsla naudetatane, og ein stor redningsaksjon vart sett i gang.

DEL

Klokka 13.07 fekk naudetatane melding om at ein mann hadde falle 20 meter ned mot ei elv i Jølster. Det var NRK Sogn og Fjordane som først skreiv om saka.

Frode Eide ved Alarmsentralen i Florø sa dette til Firda like etter:

– Det er ein turist som har kontakta politiet. Han er utanlandsk og det er litt språkproblem og det er vanskeleg å finne posisjonen hans, opplyste Eide då.

Mannen var på tur med ein anna mann då ulykka skjedde. Alle naudetatane og eit redningshelikopter deltok i bergingsaksjonen.

Klokka 14.17 melde politiet at redningshelikopteret hadde lokalisert personane, og få minutt etter var helikopteret i ferd med å hente opp turistane.

– Redningshelikopteret er på veg med turistane til sjukehuset. Berre ein av dei skal vere skadd, opplyste politiet klokka 14.40.

Ifølge Eide på Alarmsentralen var den skadde turisten bevisst, og det var han sjølv som opplyste at han hadde falle rundt 20 meter og at han låg ved ei elv.

Operasjonsleiar Steinar Hausvik hos Vest politidistrikt seier til Firda klokka 14.50 at turistane skulle gå Lundeskaret, men at dei skal ha bomma på turstien.

– Kva som er årsaka til det har vi ikkje fått klarheit i. I løpet av dagen vil patruljen ta kontakt med turistane på sjukehuset for å få meir informasjon, seier Hausvik som rosar samarbeidet mellom naudetatane og redningshelikopteret.

Artikkeltags