Her blir dei redda frå fjellhylla 80 meter over bakken

    Bjørn Eivind Aarskog filma sjølv redningsaksjonen, saman med redningsmannskapet. Her kan du sjå videoen.

    Artikkelen er over 2 år gammel

    JØLSTER: Sjå video frå den dramatiske redningsaksjonen.

    DEL

    – Eg klarte ikkje sleppe tak i ungane. Eg heldt hardt fast i kleda deira heile vegen så dei ikkje skulle skli.

    Det seier Bjørn Eivind Aarskog til Firda. Stavanger-mannen var ein av dei fire som fredag kveld blei redda frå ei fjellhylle på Jølster.

    Det var Aftenbladet som først skildra redningsaksjonen.

    Skulle finne trollet

    Slekta til Bjørn Eivind bur i Stavanger, men var ein heil gjeng på påskeferie til eit tun som familien eig på sørsida av Jølstravatnet, der dei drar så godt som kvar ferie.

    På onsdag var Bjørn Eivind på fjelltur med fleire av borna i familien, og då såg dei eit stort fjellras i nærleiken av tunet. Bjørn Eivind spøka med at det var eit troll i nærleiken som stod bak.

    På fredag drog fire av borna ut på ein liten fjelltur for å finne trollet. To av dei var sønene til Bjørn Eivind, men dei blei redde og gjekk heim til dei vaksne. Dei to borna som gjekk vidare var tanteungen til Bjørn Eivind, Matilde Aarskog Wold (10), og Mathias Dalset Wold (7).

    80 meter rett ned
    PÅ FJELLHYLLA: Mathias Dalset Wold (7) og Matilde Aarskog Wold (10)

    PÅ FJELLHYLLA: Mathias Dalset Wold (7) og Matilde Aarskog Wold (10) Foto:

    Matilde og Mathias var vekke ei stund, og foreldra blei bekymra. Bjørn Eivind og søstera hans drog for å leite. Dei gjekk oppover ei elv. Då dei kom nær ein foss, høyrde dei skriking og grining frå borna, men bråk frå fossen døyva lydane.

    Aarskog gjekk nærmare lyden frå borna og fekk etter kvart munnleg kontakt med dei. Dei sat på ei fjellhylle der det var 80 meter rett ned. Bjørn Eivind klatra forsiktig ned til fjellhylla. Det var ekstremt bratt, og då han var 30 meter ifrå borna raste det ned is og snø. Han seier han brukte 20 minutt på dei siste fem meterane.

    Han vurderte først å ta med seg borna tilbake der han hadde klatra frå, men fann ut at det var for farleg. Deretter prøvde dei å ta seg fram 15 meter horisontalt til ei anna fjellhylle. Dei måtte klatre gjennom ein foss, og blei klissvåte. Denne vegen var også for farleg, og Bjørn Eivind tok med seg borna tilbake til utgangspunktet.

    – Det var grufullt

    Panikken kom krypande, og Bjørn Eivind innsåg at han måtte varsle naudetatane. Klokka er 18.37 då han ringer dei. Ein snau time seinare, klokka 19.23, ringer dei frå helikopteret og er i nærleiken.

    – Medan vi venta på helikopteret skreik faren til Mathilde ein del frå bakkenivå. Han var litt ute av seg, forståeleg nok. Då begynte dottera hans å reagere på skrikinga, så eg måtte roe ho ned. Eg klarte ikkje sleppe tak i ungane, for eg ville ikkje at dei skulle skli. Eg heldt hardt fast i kleda deira heile vegen, seier Bjørn Eivind, og held fram:

    – Det var grufullt. Det blei mykje skriking og kjefting for å få borna til å legge seg ned og ligge i ro. Den vesle timen gjekk veldig fort, seier han.

    Klissvåte klede og vind sørga for at alle tre blei iskalde medan dei venta. Då helikopteret var det så gale at armar og bein rista.

    Helikopteret fekk nøyaktige koordinat av Bjørn Eivind, og kom seg heilt bort til fjellhylla.

    – Dei var ekstremt proffe der dei kom ned frå himmelen. Dei kom med korte, presise kommandoar og nølte aldri. Vi følte oss prisgitt alt dei sa og gjorde, og det kjentest vanvitig trygt, seier Bjørn Eivind.

    Tilbake i Stavanger

    Han seier at borna var ganske sjokkerte, og alvoret begynte å gå innpå dei når redningsaksjonen var over. Familien er komne tilbake i Stavanger denne søndagen. Bjørn Eivind seier at han ikkje er sikker på om alvoret har gått fullt inn på borna.

    Har de fått eit endra forhold til Jølster?

    – Vi er glad i den dramatiske naturen. Det er det som gjer at vi elskar Jølster, seier Bjørn Eivind, og er tydeleg på at dei ikkje har tatt sin siste tur dit.

    Artikkeltags