Søkte etter bilen i Jølstravatnet, men sikta var for dårleg

RAS: 31. juli gjekk eit ras over fv. 451. Ein bil med ein mann er sakna. Tysdag vart det gjennomført nye søk i vatnet, men sikta var for dårleg.

RAS: 31. juli gjekk eit ras over fv. 451. Ein bil med ein mann er sakna. Tysdag vart det gjennomført nye søk i vatnet, men sikta var for dårleg. Foto:

– Omtrent fem meter frå botnen er sikta på den aktuelle staden på under 10 cm.

DEL

Det melder Vest politidistrikt onsdag føremiddag.

Tysdag vart det gjennomført søk etter den sakna bilen i Jølstravatnet. Det vart gjennomført to dykk med undervasskamera i to timar på kvart søk.

Operatør var ikkje i stand til å finne den aktuelle bilen grunna svært dårleg sikt.

– Omtrent fem meter frå botnen er sikta på den aktuelle staden på under 10 cm. Dette er 165 meter under overflata. Den dårlege sikta i vatnet gjer leiteforholda svært vanskelege, melder politiet.

I tillegg er det svært mange busker og tre på botnen som gjer tilkomsten med undervasskameraet vanskeleg.

– Sjølv om ein i dette tilfellet veit kor bilen ligg, er det ikkje mogleg å få visuelt verifisert at bilen ligg der på grunn av forholda. Vi får heller ikkje visuelt verifisert tilhøva i og rundt bilen.

Politiet ventar på endeleg sluttrapport etter søket. Då vil dei kunne vurdere å lage prognosar for når eit nytt søk kan bli gjennomført.

Ifølgje lensmann Dag Fiske vil rapporten først vere klar om nokre dagar.

– Eigentleg anbefalte operatøren at vi venta lenger før vi gjorde eit nytt søk, men av omsyn til dei pårøande og framdrifta i saka valde vi likevel å gjere det tysdag, seier Fiske til Firda.

Tysdag skal dei gjere eit nytt søk etter den sakna i Jølstravatnet

Artikkeltags