Politiet har anbodsrunde for å få heva bilen i Jølstravatnet

VENTAR PÅ HEVING: Slik såg det ut under  leiteaksjonen og oppryddingsarbeid etter det store raset på Fv.451 på sørsida av Jølstravatnet. Bilen som vart teke i raset skal hentast opp, men politiet er inne i ein anbodsrunde.

VENTAR PÅ HEVING: Slik såg det ut under leiteaksjonen og oppryddingsarbeid etter det store raset på Fv.451 på sørsida av Jølstravatnet. Bilen som vart teke i raset skal hentast opp, men politiet er inne i ein anbodsrunde. Foto:

Av

Politiet arbeider med ein anbodsrunde for å finne ut om det er mogleg å heve bilen som vart tatt av raset som gjekk i Jølster i sommar.

DEL

– Vest politidistrikt er svært opptatt av at bilen skal hevast, og vi jobbar no med ein anbodsrunde for å finne ut om det er mogleg å heve bilen og kor mykje det vil koste. Anbodsrunden blir truleg avslutta og vurdert rundt 8. oktober. Det er då opp til Politidirektoratet å avgjere vidare prosess, opplyser politiinspektør Arne Johannessen, som leier driftseininga til politiet i Sogn og Fjordane.

Det kjem fram av i Vest politidistrikt sin interne evalueringsrapport etter rasa i Jølster 30. juli.

I etterkant av raset på fylkesveg 451 har ein arbeidd med å lokalisere bilen som vart tatt. I byrjinga av august melde Vest politidistrikt at bilen var funnen på 170 meters djup, 660 meter ute i vatnet. Ein mann omkom i raset, men er ikkje funnen.

Anbodsrunden er del av evalueringa av politiarbeidet som vart publisert fredag, i samband med raset som gjekk tysdag 30. juli.

Formålet med den interne evalueringa var å komme fram til eventuelle betringspunkt ved ei tilsvarande framtidig hending. Under evalueringa kom det fram enkelte punkt som kan vere med på å sikre betre intern arbeidsflyt og kommunikasjon ved tilsvarande ekstraordinære hendingar i framtida, ifølgje politiet.

– Desse har likevel ikkje påverka oppgåveløysinga i Jølster, men inngår som ein del av betringsarbeidet vårt, skriv politiet.

Artikkeltags