NVE: – Berre eitt hus på Slåtten ligg i faresona

RAS: Slik såg det ut etter rasa på Slåtten i juli.

RAS: Slik såg det ut etter rasa på Slåtten i juli. Foto:

Bustadhusa på Slåtten står relativt trygt, men eitt hus i området oppfyller ikkje dagens krav.

DEL

Det fortel regionsjef Brigt Samdal i NVE til NTB.

Ei ny faresonekartlegging i Jølster kommune syner at berre eitt bustadhus, på eit av tre gardsbruk, ligg innanfor faresona for 1000-års skred.

– Dei andre bustadhusa ligg trygt for 1000-årsskred, seier Samdal.

Kan søke om tilskot

I etterkant av dei mange skreda i Jølster 30. juli, bestilte NVE ei full faresonekartlegging for området på Slåtten. På oppdrag frå NVE har NGI vurdert skredfaren og kome med forslag til tiltak som kan betre tryggleiken i området.

– Konklusjonane i rapporten er i tråd med NVE sine tidlegare vurderingar og faresonekartlegginga er gjennomført etter same modell som tidlegare faresonekartlegging i kommunen, fortel Samdal.

NVE nyttar kost/nytte-vurderingar i samband med prioriteringar av kva sikringstiltak som skal gjennomførast i Noreg. Eventuelle tiltak vil bli vurdert opp mot andre skredutsette bustadar i landet.

– Garden Slåtten Midtre kan søke om tilskot til sikringstiltak frå NVE. Vi vil då vurdere søknaden opp mot andre søknadar som kjem inn, fortel Samdal.

Føreslår to tiltak

NGI hadde synfaring i Slåtten-området den 15. august.

Ifølgje rapporten har Meteorologisk institutt opplyst at det kom 80 til 90 mm nedbør i området i løpet av tre timar. No ligg det store mengder stein, jord, røter og tømmer ut over dyrka mark. Skredløpa er ein del av tidlegare dreneringsvegar som no også kan ha endra karakter og nedbørsfelt.

– Drensvegane og terrenget på jordet er totalt endra, og ved opprydding bør ein ha tenkt gjennom korleis ein kan betre sikkerheita for bebyggelsen, står det i rapporten.

NGI føreslår desse sikringstiltaka:

  • Tiltak A: Plogvoll. Den bør ha høgde og toppbreidde på to meter, baksida kan vere slak, medan forsida bør vere mest mogleg steil.
  • Tiltak B: Terrengendring, å leie skredmassar mot vest. Terrenget må gjerast steil mot skredløpet ved bruk av grov stein. Bakfylling skal også vere drenert materiale.

Desse tiltaka vil gje tilfredsstillande skikkerheit, meiner NVE.

NY RAPPORT: Ei ny faresonekartlegging i Jølster kommune syner at berre eitt bustadhus, på eit av tre gardsbruk, ligg innanfor faresona for 1000-års skred.

NY RAPPORT: Ei ny faresonekartlegging i Jølster kommune syner at berre eitt bustadhus, på eit av tre gardsbruk, ligg innanfor faresona for 1000-års skred. Foto:


Artikkeltags