Jordras har gått over E39 nær Vassenden – tre hus evakuert

FLØYMER OVER: Dette bildet syner elva renne over brua ved Svidalsneset.

FLØYMER OVER: Dette bildet syner elva renne over brua ved Svidalsneset. Foto:

Det blir også meldt om fleire ras, og E39 er også stengt ved Moskog.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder klokka 16.26 om jordras over E39 like nord for Vassenden.

Raset skal ikkje vere nær bustader, og det har heller ikkje vore verken personar eller køyretøy som har blitt trefte av massane.

Entreprenør er sendt til staden.

Vegen stengt på begge sider

Vegtrafikksentralen vest melder klokka 16.39 at det har gått to ras på E39 nord for Vassenden. Det blir av dei meldt at vegen er stengt.

Om lag ein kilometer frå Vassenden er det også ei elv som har gått over vegen, og om lag ein kilometer nærare Skei har det gått eit gjørmeras inn i vegen.

Brannvesenet har vidare meldt at vegen no er stengt på begge sider.

Naudetatar er også sendt til staden, og det er også sendt eit redningshelikopter av HRS. Det blir seinare meldt at dette redningshelikopteret ikkje kjem seg til rasområdet, grunna regn og lyn.

Hytte teke av jordmassar – hus evakuert

Ei hytte skal ifølgje brannvesenet vere teke av jordmassar. Tre øvrige hus i nærleiken er evakuert.

Det er uvisst kor mange som er evakuerte, men det blir understreka av politiet at det ikkje har vore dyr eller personar i hytta som raset tok.

Det blir seinare varsla om at det er motteke meldingar om andre mindre ras og overfløymingar i nærleiken av dei to rasstadene.

Også gått ras på Moskog

Rasa ved Vassenden er ikkje dei einaste som blir varsla om denne kvelden.

Vegtrafikksentralen Vest melder vidare at det på strekninga mellom Vassenden og Moskog skal ha gått tre ras over vegen.

Også her er vegen stengt.

Artikkeltags