Jølster får nesten 30 millionar etter ekstremvêret i sommar

Fleire jordras gjekk over blant anna fylkesveg 451 og E39 i Jølster kommune i Sogn og Fjordane tysdag 30. juli. Arkivfoto: Audun Braastad / NTB scanpix / NPK

Fleire jordras gjekk over blant anna fylkesveg 451 og E39 i Jølster kommune i Sogn og Fjordane tysdag 30. juli. Arkivfoto: Audun Braastad / NTB scanpix / NPK Foto:

Av

Jølster kommune får 29,6 millionar kroner frå staten til å dekke kostnader etter uvêret i sommar.

DEL

– Pengane skal dekke kostnadar kommunen fekk i sjølve akuttfasen og under gjenoppbygginga. Dei skal og brukast til utbetring av skadar på kommunal infrastruktur, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland til NRK.

Ekstremvêret som ramma Jølster 30. juli førte til store øydeleggingar. Ei rekke vegar vart sperra, fleire bygg vart øydelagde av store jordmassar, og 150 personar vart evakuerte. Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg (Sp) trur det vil koste over 200 millionar å erstatte alle skadane etter ekstremvêret, men at dei 29,6 millionane dei no får utbetalt, er nok til å ordne opp i det som er kommunen sitt ansvar.

– Kompensasjonen sikrar ei skikkeleg opprydding. No får vi ordna infrastruktur som vegar og bruer, seier han til NRK.

Skadane frå raset omfattar både privat eigedom som hus og landbruksareal, og infrastruktur som er fylkeskommunen og Statens vegvesen sitt ansvarsområde.

Artikkeltags