Graving på land gav ingen funn – held fram søket med miniubåt

MINIUBÅT: Politet avsluttar søket etter den sakna 50-åringen på land, men har starta opp søket i Jølstravatent med miniubåt. Båten på bilde er i søk og operer miniutbåten som er utstyrt med sonar.

MINIUBÅT: Politet avsluttar søket etter den sakna 50-åringen på land, men har starta opp søket i Jølstravatent med miniubåt. Båten på bilde er i søk og operer miniutbåten som er utstyrt med sonar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Måndagens leiteaksjon etter den antatt omkomne 50-åringen gav ingen funn. No avsluttar politiet søket på land, og fokuserer søk i Jølstravatnet.

DEL

– Gravinga inn i raset gav ingen funn i går, opplyser Trond Hatlenes, politiets innsatsleiar, til Firda.

Hatlenes fortel at dei ikkje held fram med søk på land, men at dei heller fokuserer på å leite etter den antatt omkomne 50-åringen i Jølstravatnet.

– Det er ingen grunn til å tru at han under rasmassane på land, seier han.

Søker med miniubåt

No søker politiet med ein miniubåt med ein sonar. Den skal via lydbølger finne konturane av rasmassane i innsjøen.

– Ubåten fekk søkt i ein og ein halv time i går kveld, men då var det ikkje gjort noko funn. Dei har halde på sidan klokka 08 i dag, seier innsatsleiaren.

Hatlenes har ikkje høyrt noko frå dei, om det er gjort funn under dagens søk.

– Eg reknar med eg får beskjed med ein gong det blir oppdaga noko.

AVSLUTTA: Måndag starta politiet søk etter den antatt omkomne 50-åringen i rasmassane på fv.451. Det vart ikkje gjort funn, og politiet har ifølge innsatsleiaren ingen grunn til å tru at den sakna er på land.

AVSLUTTA: Måndag starta politiet søk etter den antatt omkomne 50-åringen i rasmassane på fv.451. Det vart ikkje gjort funn, og politiet har ifølge innsatsleiaren ingen grunn til å tru at den sakna er på land. Foto:

Kor lenge ubåten kjem til å søke tysdag er uvisst, men Hatlenes satsar på at dei held på utover dagen.

– Eg går ut ifrå at dei held på i 12 timar no når dei først er på vatnet, men det har vi ikkje avklart heilt.

– Kva er planen med vidare søk?

Det er vanskeleg å seie, vi tar ein dag om gongen. Vi kjem i alle fall til å fokusere med miniubåten dei to dagane, seier innsatsleiaren.

Ifølge Hatlestad har raset gått 750 meter i luftlinje i vatnet og er 200 meter bredt. Rundt raset er det sirka 150–160 meter på det djupaste.

– Korleis er sikta i vatnet, har de vurdert å bruke dykkarar?

Vi har ikkje sjekka ut korleis sikta i Jølstravatnet er no, så den tråden er ikkje tatt opp igjen enno.

Funn av moglege bildelar laurdag

I helga koordinerte Jølster brannvesen frivilligsøk etter den sakna, og fleire frivillige stilte opp med både båt og arbeidskraft. Under laurdagens søk vart det gjort funn av fleire gjenstandar som kunne stamme frå ein bil.

Hatlenes fortel at det ikkje er noko nytt med gjenstandane, men det er framleis grunn til å tru at dei stammer frå bilen til den sakna.

– Sidan det verken er serienummer eller rammenummer på det som var funne, har ikkje vi noko meir konkret, seier han.

INGEN FUNN: Så langt har ikkje miniubåten gjort noko funn. Det oplyser innsatsleiar Trond Hatlenes i politiet.

INGEN FUNN: Så langt har ikkje miniubåten gjort noko funn. Det oplyser innsatsleiar Trond Hatlenes i politiet. Foto:

Les også: Gult farevarsel for fylket held fram

Artikkeltags