Geolog vurderte rasfaren i Jølster på avstand

SØRSIDA: Ein mann i 50-åra er sakna og antatt omkommen, etter at det gjekk ras på fylkesveg 451 på sørsida av Jølstravatnet tysdag 30. juli.

SØRSIDA: Ein mann i 50-åra er sakna og antatt omkommen, etter at det gjekk ras på fylkesveg 451 på sørsida av Jølstravatnet tysdag 30. juli.

Av

Ingen geolog køyrde fylkesveg 451 ved Jølstravatnet før vegen vart opna same kveld det gjekk ras. Ein geolog stod på avstand og vurderte rasfaren, melder NRK.

DEL

Politiet tok avgjerda om å gjenopne fylkesveg 451 på sørsida av Jølstravatnet tysdag 31. juli etter råd frå Vegvesenet og NVE. Men Vegvesenet og NVE vurderte aldri vegstrekninga på nært hald med geolog, skriv NRK.

Ein tilsett i NVE køyrde langs vegen før opninga, men han var ikkje geolog. Geologen frå Vegvesenet hadde tilhald på E39 på motsett side, skriv kanalen.

– Han sa frå til politiet at han ikkje var skredekspert, men dersom politiet ønskte at han skulle gjere ei synfaring langs sørsida av Jølstravatnet, så skulle han gjere det, seier regionsjef Brigt Samdal i NVE.

Køyrde ikkje

Statens vegvesen seier geologen deira tok kontakt med politiet og køyrde på E39 mot Vassenden då flaumen starta. Han seier geologen snakka med NVE og politiet om dei skulle mellombels opne vegen på sørsida.

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier dei ikkje køyrde på fylkesvegen fordi NVE hadde køyrt der.

– Elvane var ikkje store, utan misfarging. Dette endra seg sikkert seinare. Om det ville hatt tyding om ein sjølv køyrde vegen, er svært vanskeleg å seie, seier han.

Like før klokka 21 31. juli gjekk det eit skred over fylkesvegen og tok med seg ein personbil. Ein mann i 50-åra er sakna.

Lensmann i Sunnfjord Dag Fiske seier til NRK at han vil vente til neste veke for å gå ut med fleire detaljar om vurderinga deira om opning av vegen.

Øvste farenivå

Ein intern rapport Meteorologisk institutt har utarbeidd, viser at dei burde ha sendt ut varsel om øvste farenivå – oransje – før det kraftige styrtregnet som utløyste skredet, skriv VG. Raudt farenivå blir ikkje brukt for styrtregn. Varselet som vart sendt ut, var gult og vart sendt ut dagen før.

I rapporten kjem det òg fram at meteorologane i berre eitt år har hatt teknologisk moglegheit til å varsle om styrtregn. Denne sommar er den første perioden der meteorologane har fleire episodar som kan nyttast til å evaluere metodikken.

– Når vi seier at vi burde gått til oransje nivå før Jølster-skreda, så ville det i så fall vorte oransje nivå for heile Vestlandet. Det var ingen som venta desse rasa der dei kom. Vi kunne seie at det ville komme veldig mykje regn på kort tid ein eller annan stad på Vestlandet. Og korleis skal ein etatssjef i den enkelte kommunen førebu seg på det? Det blir problematisk, seier vêrvarslingsdirektør Bård Fjukstad til VG.

Artikkeltags