Ei fullsett kyrkje tok farvel med den kjærlege faren, den dyktige kollegaen, den humørfylte mannen Ingar Sægrov

Ein støttande far. Ein effektiv og vittig kollega. Ein gledesspreiande nabo. Ingar Sægrov var mykje for mange, før han så tragisk omkom i raset på Jølster. Fredag blei han minna i ei fullsett Helgheim kyrkje.