Basestasjonane på Vassenden og Moskog framleis nede

Arbeidet med å få desse opp att er i gang.

DEL

Det er framleis ikkje alle som har fått tilbake mobildekning og internett etter ekstremvêret som ramma Sunnfjord. Telenor arbeidar med å ordne saka.

– Vi jobbar intensivt med å få opp igjen basestasjonane på Vassenden og Moskog. Er vi heldige klarer vi det i dag, men vi kan ikkje love noko, seier informasjonssjef Roald Orheim til Firda. 

Uvêret råka Sunnfjord og Nordfjord tysdag ettermiddag og kveld. Sidan har rundt 1500 personar vore utan straum og 500 utan internett. Onsdag kveld var framleis 100 husstandar utan straum.

For at basestasjonane skal fungere treng dei straum og samband. Telenor startar med å sjå etter fiberfeil.

– Får vi retta opp fiberfeil, får ein internett og vi kan sjå om dette er årsaka til at basestasjonane er nede. Er fiberfeilen årsaka vil også mobildekninga vere på plass, forklarer Orheim.

Dersom det er andre grunnar til at basestasjonane er nede må Telenor gjere feilsøk på basestasjonane.

Fortvilande situasjon

Firda har vore i kontakt med personar som er fortvila over at dei ikkje har mobildekning og synest at det tar lang tid. Fleire har også vore redde då dei ikkje har fått kontakt med familie og vener som er ramma av ekstremvêret.

– Eg skjønner at folk er fortvila, rasa har rive med seg heile forbindelsen og det har vore svært krevjande og drive feilretting. Rasa skjedde tysdag og no er det torsdag, med desse omstenda synest eg ikkje at det er gått lang tid, seier Orheim.

– Kan aldri gardere oss mot slikt ekstremvêr

Telenor har brukt helikopter og ATV for å få oversikt og kome til på skadestaden.

– Vi hadde folk ute så raskt vi fekk tillating frå politiet som hadde stengt av området. Eg vil skryte av mannskapet som har vore ute og jobba, seier Orheim.     

– Kva kan ein gjere for å sikre mobilnettet ved ekstremvêr i framtida?

– Vi ser heile tida på korleis vi kan gjere nettet endå sterkare, men vi kan aldri gardere oss mot utfall i eit slikt ekstremvêr.

Fiberfeilen i Ommedal i Hyen er retta, og der er det breiband og mobildekning igjen.

Artikkeltags