Mann sprang etter annan mann med høygaffel på Jølster - arrestert av politiet

JØLSTER: Ingen blei skadd. Politiet har arrestert mannen med høygaffel.

DEL

Politiet rykte til Vassenden til ein konfrontasjon mellom to personar denne fredagen. Eit vitne tipsa om hendinga klokka 13.15.

– Det var ein som møtte opp på ei adresse, der kom ein annan ut og sprang etter han med høygaffel. Politiet rykte ut og har fått kontroll på begge personane. Ingen er skadd, seier operasjonsleiar Per Algerøy i Vest politidistrikt.

Mannen med høygaffel er arrestert og tatt med til politikontoret i Førde til avhøyr. Den andre mannen er framleis på adressa på Vassenden.

– Eg trur politiet framleis snakkar med han, men han blir nok dimittert, seier Algerøy til Firda rundt klokka 14.50.

Operasjonsleiaren veit ikkje noko om kvifor konfrontasjonen oppstod.

Artikkeltags