Tysdag skal dei gjere eit nytt søk etter den sakna i Jølstravatnet

LEITA: Her frå då Flora og Førde Røde Kors Hjelpekorps søkte etter sakna utanfor skredet ved Årneset i Jølster. Tysdag skal det søkast på nytt.

LEITA: Her frå då Flora og Førde Røde Kors Hjelpekorps søkte etter sakna utanfor skredet ved Årneset i Jølster. Tysdag skal det søkast på nytt. Foto:

Bilen til mannen vart tatt av ras under uvêret 31. juli.

DEL

Tysdag planlegg politiet å leite med fjernstyrt miniubåt etter mannen i 50-åra som er sakna etter raset ved Årnes i Jølster. Det melder Bergens Tidende.

Raset gjekk over fylkesveg 451 som følgje av uvêret som råka området 31. juli.

Torbjørn Thue, innsatsleiar og overbetjent ved Førde lensmannskontor, seier til avisa at sikta i overflata er god.

– No skal undervasskameraet sendast ned på 170 meters djupne der det er gjort funn av noko som ein antar er ein bil. Arbeidet vil gå føre seg utover dagen, seier han til BT.

Artikkeltags