To vogntog i trafikkuhell i Jølster - måtte stenge vegen

VOGNTOG: Slik såg eine vogntoget ut etter uhellet.

VOGNTOG: Slik såg eine vogntoget ut etter uhellet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

JØLSTER: Berre materielle skader.

DEL

Klokka 00.39 natt til torsdag rykte politi og brannvesen ut til trafikkuhell mellom to vogntog på E39 ved Svidalsneset i Jølster. Det melder Vest politidistrikt.

– Vogntoga har vore borti kvarandre. Det blei litt materielle skader, men ingen skade på person eller tredjepersons eigedom. Så det blir ikkje noko politisak, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker ved Vest politidistrikt.

Vegen blei stengt i ein dryg time, medan politiet var på staden, før den opna klokka 01.51. Politiet mistenker ikkje rusa køyring.

Foto:

Foto:

Foto:

Artikkeltags