– Det var på éin måte overraskande, men veldig interessant og spennande. Det er 17 år sidan eg var statssekretær i Justis- og politidepartementet. Så det var veldig kjekt å få telefon frå Trine Skei Grande i går, seier Hamar.
Som statssekretær blir han den politiske høgrehanda til Klima- og miljøministeren og del av leiinga i departementet.
Partileiarane Erna Solberg (H), Siv Jensen (Frp) og Trine Skei Grande (V) presenterte denne onsdagen ministerpostane i den nye regjeringa med Venstre.
Hamar har lang fartstid i politikken. Han har sete som direktør for Lotteri- og stiftelsestilsynet sidan 2000.
Les også: Sveinung Rotevatn blir statssekretær for Syvli Listhaug (Frp).
Lokka tilbake i politikken
– Kvifor gjer du politisk comeback?
– Regjeringsarbeid er veldig spennande. Ein får utøve politikk, forme politikk og legge fram saker til Stortinget. Ein får sjansen til å bety noko, og ikkje minst så veit eg kor eg kjem frå: eg kjenner fylket som eg bur i og har representert tidlegare, seier han.
Hamar har politisk fartstid frå 1987. Mellom anna har han vore leiar i Unge venstre, politisk sekretær i Venstre, politisk rådgivar i Samferdselsdepartementet og både politisk rådgivar og statssekretær i Justis- og politidepartementet.
Ny konstituert direktør
Han reiser til Oslo torsdag kveld, og kjem til å vekependle til Oslo framover. Inn i direktørstillinga hans på Lotteritilsynet kjem Bjørn Morten Øen.
– Eg har rett på å komme tilbake i stillinga når eg er ferdig med perioden. Men departementet skal konstituere ein ny direktør i mitt fråvær. Det blir inntil vidare Bjørn Morten Øen, seier Hamar.