NRK-fotograf vann fotokonkurranse – gir vekk premien

VINNARBILDET: Bildet er teke på Hornaksla i Romsdalen ein tidleg haustdag.

VINNARBILDET: Bildet er teke på Hornaksla i Romsdalen ein tidleg haustdag. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

NATUR: Det aller beste klatrebildet i Norge er kåra, og fotovinnaren bur på Jølster.

DEL

– Det kom litt brått på, seier Torje Bjellaas.

Magasinet Klatring lyste i vår ut ein fotokonkurranse der dei oppmoda om å sende inn eit bilde frå ein eller fleire av dei store fjellklassikarane i landet.

I tillegg var kriteriet at ein skulle ha klatra fleire taulengder og at bildet skulle vere teke på sommarstid.

Blinkskot på jobb

Bjellaas sende inn eitt av bilda han tok i høve opptak til tv-serien «Fjellfolk» på NRK.

– Bildet er teke på Hornaksla i Romsdalen. Det er truleg ein av plassane det vert klatra mest i Norge, fortel Bjellaas.

Mannen på bildet er Henki Flatlandsmo, ein barndomsven av Bjellaas frå Voss. Ruta han klatrar på bildet, vert kalla Shangri-La.

– Det var han som føreslo plassen. Dette er ein teknisk vanskeleg tur og ikkje ei rute du vel viss det ikkje er tørt og varmt i fjellet. Då eg tok dette bildet, gjekk eg ned i eit 100 meter langt tau frå det ein kallar andrerampa og firte meg opp og ned undervegs som dei klatra. Ein kjekk jobb, seier Bjellaas.

PÅ TUR: Torje Bjellaas på jobb under opptak for «Fjellfolk».

PÅ TUR: Torje Bjellaas på jobb under opptak for «Fjellfolk». Foto:

Gir vekk premien

Til vanleg legg ikkje Bjellaas ut på slike klatreturar. No for tida er det mest familietur med ungane som gjeld, og det er nettopp familien som får nyte godt av premien.

– Pulsklokka skal eg donere vekk til gutane i familien. Vi er mange her i familien som går på tur og nokre har ymta frampå at dei ønskjer seg ei fullutstyrt klokke med blant anna GPS, fortel Bjellaas.

Juryen skriv dette: «Vi tok imot oppunder 100 bilde til fotokonkurransen. Mange av dei var veldig gode. Ofte er det ikkje enkelt å kåre vinnarar, men denne gongen var det for juryen ikkje vanskeleg å semjast om dei tre topplasseringane».

Artikkeltags