Løfta seg til topps i helga, no ventar NM

BESTE LØFTAR: Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda vart beste løftar poengmessig i jenter ungdom.

BESTE LØFTAR: Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda vart beste løftar poengmessig i jenter ungdom. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VEKTLØFTING: Fleire ungdommar frå fylket hevda seg i Vestlandsmeisterskapen i vektløfting.

DEL

Under Vestlandsmeisterskapen i vektløfting i Tysvær laurdag, gjorde fleire ungdoms- og juniorløftarar frå Sogn og Fjordane det svært godt.

– Det vart mange medaljar og gode resultat for dei 13 deltakarane, konstater Ola Bergheim, regionleiar Nord-Vestlandet vektløftarregion i ei pressemelding.

Går vidare til NM i Naustdal

13 ungdommar frå fylket deltok under den første dagen av Vestlandsmeisterskapen.

Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda vart beste løftar poengmessig i jenter ungdom. Ho vann klasse 58 kg med 50 kg i rykk og 65 i støyt.

Oda Helene Sunde Svendsen frå Jølster vart beste løftar poengmessig i jenter junior då ho vann klasse 63 kg med 52 kg i rykk og 71 kg i støyt.

Både Julia og Oda har klart kvalifiseringskravet til NM senior som går i Naustdal 16.–18. februar.

STØT: Oda Helene Sunde Svendsen vann klasse 71 kg i støt.

STØT: Oda Helene Sunde Svendsen vann klasse 71 kg i støt. Foto:

Satsar på meisterskap i Danmark

Ragnar Holme frå Tambarskjelvar fekk nest beste resultat poengmessig i gutar ungdom då han vann tyngste ungdomsklassa med personlege rekordar på 105 kg i rykk og 120 kg i støyt.

 Han var mellom anna betre poengmessig enn to av ungdommane frå Stavanger som deltok på Nordisk meisterskap i fjor. 

– Nordisk ungdom går i år i Danmark i slutten av oktober og kan vere eit høveleg mål for Ragnar, meiner Bergheim.

Seniorane for tur

I dag løfter seniorklassene, og det er siste sjanse for kvalifisering til EM senior. Fleire løftarar frå Tambarskjelvar håpar å komme med i EM, og dermed er det ekstra spenning knytt til dagen i dag.

Artikkeltags