19-åring i 124 km/t i 80-sone

Ein 19 år gammal mann måtte levere inn førarkortet måndag kveld. Råkøyring også i Naustdalstunnelen.

DEL

– Ein patrulje frå Utrykkingspolitiet kom over ein bilist i høg fart og følgde etter han og gjorde fartsmåling. Han vart målt til 124 kilometer/timen i ei 80-sone på Vassenden i Jølster, opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til Firda.

Dette skjedde kring klokka 23.15 måndag kveld.

19-åringen samtykka i beslag av førarkortet, og det vert oppretta sak på forholdet.

110 km/t i Naustdalstunnelen

Også i Naustdalstunnelen, på riksveg 5 mellom Naustdal og Svarthumle i Eikefjord, vart ein mann stogga for råkøyring litt før klokka 03 natt til tysdag, melder politiet.

Ein sivil patrulje oppdaga ein bil i stor fart, og han vart målt til 110 kilometer i timen i ei 70-sone.

Mannen får behalde førarkortet inntil vidare i alle fall, då målinga var usikker.

– Forholdet vert følgt opp, seier operasjonsleiar.

Artikkeltags