Ting er konkurs

OPP OG NED: Harald og Audun Viken kan vere fornøgde med resultata frå fjoråret, sjølv om Ting-butikkane sleit litt.

OPP OG NED: Harald og Audun Viken kan vere fornøgde med resultata frå fjoråret, sjølv om Ting-butikkane sleit litt. Foto:

Ti butikkar, nettbutikk og 78 tilsette er råka av konkursen, opplyser selskapet.

DEL

Det melder E24 måndag ettermiddag.

– Det er beklageleg å meddele at det ikkje har lykkast å finne ei løysning for selskapet som sikrar vidare drift, skriv styreleiar og eigar Audun Viken i ein melding til E24.

Fædrelandsvennen skreiv om saka først.

Butikkar i seks byar

Styreleiar Viken seier til E24 at det har vore sett i verk ei rekke tiltak det siste året for å betre lønnsemda i bedrifta, og at det dei siste månadane har blitt jobba hardt for å sikre vidare drift av selskapet.

Nettsida er til butikkjeda er mellombels stengt. Ting har butikkar i Bergen, Oslo, Tromsø, Trondheim, Stavanger og Kristiansand. Selskapet har hovudkontor i Bergen.

I oktober skreiv Firda at dei Viken-eigde Ting-butikkane sleit kraftig økonomisk. I 2018 var underskotet elleve millionar kroner.

Forklaringa i årsmeldinga var at dei i større grad enn før har fått merke at folk handlar på nettet. Det saman med skjerpa konkurranse bidreg til det svake resultatet.

KONKURS: Denne meldinga møter nettkundar på Ting.no måndag.

KONKURS: Denne meldinga møter nettkundar på Ting.no måndag. Foto:

Audhild Viken blir ikkje råka

Ting-butikkane er ein del av Viken-konsernet samla under paraplyen Skei Holding, eigd av Hallvard Viken og sønene Audun og Harald Viken. Brørne eig begge 35,84 prosent av aksjane medan Hallvard Viken har ein aksjepost på 28,3 prosent.

– Dei øvrige butikkane i konsernet (Audhild Viken AS) blir ikkje råka dette. Audhild Viken sine butikkar er souvenirbutikkar som rettar seg mot turistar. Turistmarknaden har ein positiv trend, og er ikkje utsett for den krevjande situasjonen som er i varehandelen for øvrig med marginpress og auka konkurranse på nett, skriv Audun Viken, styreleiar i Ting As og tredje generasjons eigar, til Nettavisen.

Firda kjem tilbake med meir.

Artikkeltags