Streik i Felleskjøpet – her er salsavdelinga ute

I STREIK: Det er streik i Felleskjøpet Agri, og butikken ved Skei er den einaste i fylket som er råka. Der er tre personar tekne ut.

I STREIK: Det er streik i Felleskjøpet Agri, og butikken ved Skei er den einaste i fylket som er råka. Der er tre personar tekne ut. Foto:

352 tilsette i Felleskjøpet Agri går ut i streik tysdag 17. september. Tre tilsette er tekne ut ved butikken på Skei.

DEL

Bakgrunnen skal blant anna vere usemje om lønn, og lønn under sjukdom og svangerskapspermisjon.

Firda får av Felleskjøpets sentralbord informert at ingen butikkar i Sogn og Fjordane har medlemmer tekne ut enno, og at einaste vil vere Felleskjøpet på Skei. Der skal streiken starte 23. september, blir det opplyst til Firda.

Butikken på Skei står derimot på forbundet Negotia si liste over butikkane som skal streike frå og med 17. september.

Verkstadleiar Gunnar Fluge ved Felleskjøpet Skei fortel også til Firda at dei per 17. september har tre personar ute i streik. Dette er medlemmer av Negotia, og to av dei er frå salsavdelinga og ein er frå butikken. Sjølv er han ikkje medlem av Negotia, og ikkje med i streiken.

– Butikken på Skei er open no, den blir ikkje stengt, seier Fluge, som fortel at det som vil bli merka mest av streiken er at salsavdelinga er heilt ute.

Felleskjøpet på Skei har 18 tilsette. Om fleire vil bli tekne ut i streik er Fluge ikkje informert om per no.

Hovudtillitsvald i Felleskjøpet Agri, Gard Henriksen fortel at alle deira medlemmer har fått informasjon at dei er tekne ut i streik frå denne tysdagen av. Han er ikkje kjent med andre startdatoar.

– 17. er sett som startdato. Det er ikkje lagt ut andre datoar enn dette, seier han.

Artikkeltags