Karin Strand (48) blir gudmor til hurtigruteskip

ERFAREN: I over 20 år har Karin Strand (48) frå Jølster reist og utforska polområda, både som tilsett i Hurtigruten og privat

ERFAREN: I over 20 år har Karin Strand (48) frå Jølster reist og utforska polområda, både som tilsett i Hurtigruten og privat Foto:

Av

Når det nye ekspedisjonsskipet til Hurtigruten, Roald Amundsen, blir døypt i Antarktis, er det ekspedisjonsveteranen Karin Strand (48) frå Jølster som er gudmor.

DEL

Skipet er det første hybriddrivne skipet i verda og blir døypt i Antarktis i byrjinga av november. Det er den første skipsdåpen i Antarktis, ifølgje Hurtigruten.

– Det er ei stor ære å bli valt som gudmor for det mest innovative skipet som er sjøsett på fleire tiår. Den grøne teknologien og dei banebrytande løysingane er ein inspirasjon for korleis ein kan utforske hava våre på ein meir berekraftig måte, seier gudmor Karin Strand i ei melding.

Ifølge ho sjølv lir ho av «permanent polarfeber». Strand vaks opp i Jølster, og etter å ha studert juss i Bergen, starta ho som ekspedisjonsleiar i Hurtigruten.

Strand har gjennomført meir enn 140 ekspedisjonar til Antarktis.

– Som polarhelten Roald Amundsen, er vår MS Roald Amundsen noko heilt unikt. Det måtte også gudmora vera, seier konsernsjef Daniel Skjeldam Hurtigruten.

Hurtigruten byter også ut den tradisjonelle champagneflaska med ein isklump som skal svingast mot skroget. Det er eit dåpsritual Amundsen sjølv brukte då han døypte polarskuta Maud i 1917.

Artikkeltags