Motorsykkel sklei og velta – kvinne køyrt til lokal legevakt

Artikkelen er over 2 år gammel

JØLSTER: Glei på noko glatt på vegen på E39.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder fredag kveld at ein motorsykkel sklei på noko glatt og velta på E39 klokka 20.20.

Motorsykkelen kom ut frå byggjefeltet Langhaugane i Jølster når den velta.

Føraren, som er ei kvinne i slutten av 40-åra, blir sjekka av helsepersonell, og AMK ved Helse Førde melder at ein ambulanse har køyrt kvinna til lokal legevakt.

Artikkeltags