Politiet tok 26 med for høg fart

Artikkelen er over 2 år gammel

Fleire trakka for hardt på pedalen og må punge ut etter kontrollar onsdag.

DEL

Politiet har hatt fleire fartskontrollar i fylket onsdag. Tidleg i ettermiddag hadde dei kontroll i 60-sona på E39 på Byrkjelo. Der blei eitt førarkort beslaglagt og sju fekk bøter for høg fart. I tilegg fekk ein sjåfør førelegg for bruk av mobiltelefon og ein for å ikkje ha på seg setebelte.

E16 i Lærdal hadde ut fartskontroll. Der fekk sju sjåførar bøter for fart. Høgste målte fart var 114 km/t i 80-sona.

riksveg 5 ved Ingafossen i Sogndal sjekka politiet 20 for rus, men det gav ingen utslag. Ein fekk førelegg for å ikkje bruke belte. Også ved Grushola i Sogndal hadde dei kontroll, men utan utslag.

På E39 ved Eikås i Jølster stoppa UP tolv sjåførar som køyrde for fort. Den som hadde høgst fart vart teken i 87 km/t i 70-sona.

Artikkeltags