Vart overraska med stipend

OVERRASKA: Musikar Hilde Marie Holsen vart lurt til banken, og fekk tildelt stipend. Her står ho saman med Roy Stian Farsund i Sparebanken Sogn og Fjordane.

OVERRASKA: Musikar Hilde Marie Holsen vart lurt til banken, og fekk tildelt stipend. Her står ho saman med Roy Stian Farsund i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Artikkelen er over 2 år gammel

JØLSTER: Musikar Hilde Marie Holsen (28) frå Jølster vann Furorestipendet for 2017.

DEL

– Det var veldig kjekt å vinne stipendet, og det kom heilt overraskande, fortel Hilde Marie Holsen.

Furorestipendet blir delt ut til talent i eller frå Sogn og Fjordane, i alderen 15–30. I år var det musikar Hilde Marie Holsen som vann. Sjekken ho fekk var på 50.000 kroner.

Trudde ho skulle på intervju

28-åringen har spesialisert seg på samtidsmusikk, og hadde lydprøve før ho skulle spele på Førdefestivalen, då ho fekk spørsmål om å komme til Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Eg blei berre lurt bort i banklokalet. Dei sa at eg skulle bli intervjua, seier Hilde Marie lattermildt.

Ifølge juryen kan Hilde Marie si søkande og eksperimentelle tilnærming til musikk, nesten samanliknast med vitskap. Dei skriv at musikken hennar sjeldnare når avisframsidene, men at den ofte har fått store følger for korleis folk forstår og produserer musikk i ettertida.

Eit av dei største

– Hilde Marie har funne sin heilt eigne identitet i dette landskapet, og har med folkemusikken som utgangspunkt etablert seg heilt i eliten av sjangeren, skriv juryen.

Juryen bestod av Stig Roger Eide (Firda), Torill Faleide (Førdefestivalen), Trude Skarvatun (Førde kulturskule), Terje Lyngstad (tidl. teatersjef, Sogn og Fjordane Teater & Hordaland teater) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane)

– Tidlegare har eg fått Statens Kunstnarstipend og fleire andre mindre stipend. Men Furorestipendet på 50.000 kroner er eit av dei største, seier Holsen.

Kva skal du bruke stipendet på?

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det enno. Men det er klart at det sikkert går til vidare utvikling av musikkmaterialet mitt. Det er nok meir enn nok av ting å bruke det på, seier ho nøgd.

Artikkeltags