Katrine Sele gir ut bok om Jølster mottak

BOKAKTUELL: Katrine Sele gir ut boka «Jølster Hotell - Historier frå eit asylmottak» gjennom Samlaget. Tidlegare har ho mellom anna gitt ut bok om Oddvar Torsheim, biografi om Kenneth Sibertsen og vore journalist i Firda. No jobbar ho som kommunikasjonsrådgivar ved Høgskulen på Vestlandet, og bur på Jølster.

BOKAKTUELL: Katrine Sele gir ut boka «Jølster Hotell - Historier frå eit asylmottak» gjennom Samlaget. Tidlegare har ho mellom anna gitt ut bok om Oddvar Torsheim, biografi om Kenneth Sibertsen og vore journalist i Firda. No jobbar ho som kommunikasjonsrådgivar ved Høgskulen på Vestlandet, og bur på Jølster. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

JØLSTER: Ho fulgte flyktningar på asylmottaket i to år, og såg gneisten forsvinne frå auga deira.

DEL

– Det er sjokkerande kor intenst stussleg det er å komme hit som flyktning.

Det seier Sele, som har jobba med boka sidan 2014. Den 19. april gir ho ut «Jølster Hotell – Historier frå eit asylmottak».

Vondt å sjå

I boka følger ho ni av flyktningane på mottaket over tid. Dei fortel om fortida si, reisa til Norge, livet på asylmottak og vegen vidare. Det gjorde inntrykk.

– Dei blir sett utanfor samfunnet i lang tid. Når dei kjem, har dei ofte ein veldig gneist i auget. Dei er gjerne unge syriske menn på 30 år, som kjem med profesjonen sin og vil bli ein del av samfunnet. Så går det månadar og dei høyrer ingenting. Noko av livsgneisten forsvinn i auga. Akkurat det er veldig vondt å sjå, seier Sele.

For å bli kjent med historiene til bebuarane måtte Sele bruke mykje tid på mottaket, som blei lagt ned i februar i år.

– Først tenkte eg berre at eg kunne gå rett inn og finne eit fellesrom, men det var ikkje så lett. Til å begynne med blei det nokre rare opplevingar med å gå inn og henge på asylmottaket, berre meg og afrikanske menn. Det var ikkje så lett å forklare kva eg ville der, ler ho.

JØLSTER HOTELL: Asylmottaket på Vassenden, drive av Norsk folkehjelp, blei lagt ned tidlegare i år. – Eg har alltid vore fascinert av Jølster hotell. Det har ein nasjonalromantisk klang i namnet og utsjånaden, seier Sele om bygget som tidlegare var ein turistmagnet av eit hotell.

JØLSTER HOTELL: Asylmottaket på Vassenden, drive av Norsk folkehjelp, blei lagt ned tidlegare i år. – Eg har alltid vore fascinert av Jølster hotell. Det har ein nasjonalromantisk klang i namnet og utsjånaden, seier Sele om bygget som tidlegare var ein turistmagnet av eit hotell. Foto:

Det er nemleg berre mennene som oppheld seg i fellesområdet på mottaket, fortel ho. Etter kvart begynte Sele å jobbe som frivillig i resepsjonen. For å komme i kontakt med kvinnene, budde ho også fleire dagar på avdelinga for einslege kvinner.

– Eg blei sittande på romma til asylsøkarane på kveldane og berre prata med folk.

Måtte begynne på nytt

Då Sele hadde skrive ferdig boka, skrota ho alt og begynte på nytt.

– Eg har vore vand med å bruke forteljande journalistikk, der eg tar over historia til dei intervjuobjekta og skriv som om eg er allvitande. Men det funka ikkje her. Det var for mykje eg ikkje visste, seier ho.

Med halvannan månad til deadline måtte ho finne ein annan måte å skrive på.

– Då oppdaga eg at det var noko i stemmene deira, måten dei fortel på. Til dømes måten ei kvinne frå Etiopia kunne beskrive augneblinken ho såg fotgjengarovergangar for første gong. Eller då ho såg ei norsk kvinne som åt ein stor porsjon med middag og tenkte «kven vil vel gifte seg med ho?», seier Sele og ler.

«Allahu Akbar, korleis skal dette gå?»

I den nye og endelege versjonen av boka lar Sele flyktningane fortelje sjølv, på sin heilt ærlege måte. Ho meiner kjenslene er den store fellesnemnaren, og det som bygger bru mellom flyktningane og lesarane.

– Vi har jo alle dei same kjenslene, berre med ulik intensitet: tap, sakn, framandkjensle, frykt for framtida. Det er ting alle har kjent på, seier Sele.

Sjølv om fleire av flyktningane fortel om vald, krig og ei uro som er langt frå den norske kvardagen, lovar Sele lykkelege augneblikk også.

– Eg prøvar å fortelje korleis det har gått med dei som ikkje lenger er på mottak. Då såg eg fine møter mellom lokale folk og flyktningar. Nordmenn generelt tar godt imot flyktningar, sjølv om systemet vårt kanskje ikkje gjer det.

Sele skryt også av omstillingsevna til flyktningane: til dømes ein asylsøkar som blei flytta til Brekke i Gulen, ein knøttliten stad han aldri hadde høyrd om.

– I bilen var han skikkeleg bekymra, og sa «Allahu Akbar, korleis skal dette gå?». Men så kom han fram og då snudde han heilt og sa: «Ja ja, velkommen til min heim. Her skal eg bu», seier ho.

Artikkeltags