Sju mil og sju fjelltoppar – på 14 timar og 20 minutt

AKTIV: Øyvind Holsen Foss (28), frå Vassenden, er dagleg leiar i Tilfjells AS og Toppturweekend AS.

AKTIV: Øyvind Holsen Foss (28), frå Vassenden, er dagleg leiar i Tilfjells AS og Toppturweekend AS. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKI: Det som er lagt opp som ein firedagarstur, brukte Øyvind Holsen Foss berre 14 timar og 20 minutt på å gå Jølstravatnet rundt.

DEL

– Eg hadde lyst på ein skikkeleg langtur på ski, og hadde gått og tenkt på denne turen eit par veker, seier Øyvind Holsen Foss (28) frå Vassenden.

Saka vart først omtalt i skimagasinet Fri Flyt.

På eit tidspunkt hadde han eigentleg slått frå seg heile turen, sidan våren var kommen så langt.

– Men siste helga i april bestemte eg meg for at eg berre måtte prøve, og einaste dagen det kunne passe var onsdag.

I og med at ingen av kompisane hadde tid til å vere med på ein vanleg vekedag, gjekk han åleine.

Jølstravatnet rundt

Han starta på Vassenden og gjekk opp på sørsida av vatnet. Her gjekk han fem fjelltoppar på vegen til Skei.

– Føret var heilt greitt. Det var ganske vinterleg og kaldt på denne sida av vatnet, med mykje vind på toppane, seier Foss.

Motivasjonen for å gå heile turen var, ifølge Foss, å kose seg.

JØLSTER: Våren var komen langt, og det blei mykje av og på med skia for 28- åringen.

JØLSTER: Våren var komen langt, og det blei mykje av og på med skia for 28- åringen. Foto:

– Eg hadde lyst til å vere ute ein heil dag og berre kose meg. Eg var førebudd på at det kunne bli mykje av og på med skia, men det blei kanskje litt meir enn eg hadde trudd.

– Følte meg sterk på Skei

Då han kom til Skei etter å ha gått langs heile sørsida, kjende han seg sterk og motivasjonen var framleis høg.

– På første motbakken opp Såtefjellet kjende eg at det blei tungt. På nordsida av vatnet var våren kommen mykje lenger, og eg følte at eg var innom alle årstider på turen.

Før turen hadde han voksa skia med blaut voks som skulle passe for det mjuke vårføret, men voksen hadde forsvunne på den skarpe snøen på sørsida, og dermed blei det klabbing og problem då han kom på nordsida.

– Det blei rimeleg trått på slutten. Etter å ha gått to toppar på nordsida gjekk eg ned på Ålhus, tok skia på ryggen og jogga heim att til Vassenden, seier Foss.

Freistar til gjentaking

Sjølv om turen var tøff, freistar det til gjentaking.

– Eg måtte jo late tre toppar stå att på nordsida. Det hadde vore kjekt å få fullført turen slik den er tenkt, men det får bli til neste vinter, på litt betre føre.GJø

Artikkeltags