Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane løyver 750.000 kroner til storhall på Skei

VIL INSPIRERE ANDRE: – Det er gledeleg for Sparebanken Sogn og Fjordane å vere med på å støtte storhallen på Skei. Vi håpar Sparebankstiftingas bidrag vil få andre med på spleiselaget slik at hallen blir ein realitet, seier banksjef i Sunnfjord, Roy Stian Farsund. Til venstre Anders Steinsund (prosjektgruppa for storhallen) og Laila Tefre (leiar i Jølster idrettslag).

VIL INSPIRERE ANDRE: – Det er gledeleg for Sparebanken Sogn og Fjordane å vere med på å støtte storhallen på Skei. Vi håpar Sparebankstiftingas bidrag vil få andre med på spleiselaget slik at hallen blir ein realitet, seier banksjef i Sunnfjord, Roy Stian Farsund. Til venstre Anders Steinsund (prosjektgruppa for storhallen) og Laila Tefre (leiar i Jølster idrettslag). Foto:

JØLSTER: Den planlagde storhallen på Skei og Arena Stryn får begge ei gåve på 750.000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

DEL

– Denne gåva er ein viktig del av den private finansieringa og vil hjelpe oss på vegen for å få realisert storhallen i Jølster, seier Laila Tefre som er leiar i Jølster idrettslag, i ei pressemelding frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

Pengegåva på 750.000 kroner til både Arena Stryn og storhallen på Skei er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Sparebanken syner til at i tillegg til å vere viktig for lokalsamfunnet i Jølster, vil ein storhall på Skei òg kunne fungere godt som møtepunkt og turneringsstad for eit stort geografisk område grunna Skei si sentrale plassering midt i Sogn og Fjordane.

– Det er gledeleg å vere med å støtte dette prosjektet. Vi håpar vårt bidrag vil kunne få andre med på spleiselaget slik at hallen blir ein realitet, seier banksjef i Sunnfjord, Roy Stian Farsund.

Støttar breitt

For at hallen på Skei skal verte røyndom står det framleis att ein del finansiering, men gåva er ifølgje Farsund eit viktig bidrag på vegen til å få den realisert.

– Både hallen på Skei og Arena Stryn er gode prosjekt, og for oss er dette betydelege tildelingar. Men vi er også opptatt av å ha rom for å støtte det breie lags- og organisasjonslivet i Sogn og Fjordane. Dette har Sparebanken Sogn og Fjordane lange og gode tradisjonar for, seier Roy Stian Farsund.

Meir plass til turn

Arena Stryn er tenkt å bli Stryn sin nye storstove og første byggetrinn er ein såkalla basishall, som i hovudsak vil bli brukt av turngruppa. Hallen er eit spleiselag der òg Stryn kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune er inne på finansieringssida.

BYGGJER BASISHALL: Arena Stryn fekk 750.000 kroner i gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til det som er tenkt å bli Stryns nye storstove. På biletet Ørjan Skåden (banksjef), Jonn Beinnes (leiar i Stryn turn- og idrettslag), og Kjell Opheim (prosjektleiar for Arena Stryn).

BYGGJER BASISHALL: Arena Stryn fekk 750.000 kroner i gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til det som er tenkt å bli Stryns nye storstove. På biletet Ørjan Skåden (banksjef), Jonn Beinnes (leiar i Stryn turn- og idrettslag), og Kjell Opheim (prosjektleiar for Arena Stryn). Foto:

– Gåva på 750.000 kroner var veldig kjekk å få! Stryn turn og idrettslag har ein stadig veksande aktivitet og mange av treningane føregår i dag i ein liten gymsal på ungdomsskulen. Så det å få meir plass og meir utstyr til blant anna turngruppa, vil bli veldig positivt. Vi er imponert over den samhandlinga som Sparebanken Sogn og Fjordane har gjort for å realisere prosjektet Arena Stryn. Vi har fått gode råd i planlegginga, seier Jonn Beinnes som er leiar i Stryn turn og idrettslag.

Artikkeltags