Jølster skisenter og hallen på Skei må klare seg utan støtte frå fylkeskommunen

JØLSTERHALL: Skisse frå korleis entreprenøren ser for seg at hallen på Skei kan bli sjåande ut. Men fylkeskommunen har ikkje støtta prosjektet.

JØLSTERHALL: Skisse frå korleis entreprenøren ser for seg at hallen på Skei kan bli sjåande ut. Men fylkeskommunen har ikkje støtta prosjektet. Foto:

JØLSTER: Både Jølster skisenter og den planlagde hallen på Skei nådde ikkje opp i samband med fylkeskommunens budsjetthandsaming i desember.

DEL

Søknaden om støtte til den planlagde hallen på Skei kom ikkje med i ei tidlegare runde, og saka vart utsett til ordinære budsjetthandsaminga i desember.

Heller ikkje i møtet i desember vart det løyvd pengar til prosjektet, og dermed må prosjektgruppa greie seg utan dei 15 millionar kronene dei søkte fylkeskommunen om.

Det melder Firda Tidend i papirutgåva fredag 11. januar.

Heller ikkje ein søknad frå Jølster skisenter nådde opp, melder Firda Tidend.

Skisenteret hadde søkt fylkeskommunen om investeringsstøtte for å utvide anlegget som produserer kunstig snø.


Artikkeltags