Grendelag søkte om å få spelemidlar på forskot – no har kommunen sagt ja

LYSLØYPA: Grendelaget håpar å eit skileikeanlegg ved lysløypa i Årdal vil auke bruken.

LYSLØYPA: Grendelaget håpar å eit skileikeanlegg ved lysløypa i Årdal vil auke bruken.

JØLSTER: Men dei stiller eitt krav.

DEL

Årdal og Helgheim grendelag søkte tidlegare i haust om forskottering av spelemidlar til skileikområde og lysanlegg i Årdalen.

– Vi vil lage kular, hopp og område der ein lærer å svinge på ski. I tillegg til eit flatt område som kan brukast for organisering av ulike leikar på ski, skriv grendelagsleiar Jofrid Aardalsbakke Djupvik i skildringa av prosjektet.

I formannskapet førre veke vart søknaden på 417.140 kroner godkjend.

Men på eitt vilkår: at grendelaget sørger for at rekneskapen for anlegget blir revidert og sendt inn til fylkeskommunen så snart som anlegget er ferdigstilt.

Om forventa sum spelemidlar skulle bli redusert må differansen snarast betalast tilbake til kommunen, står det i vedtaket.

Artikkeltags