Slik ser det ut i skibakken på Jølster

ALPINGLADE: Geir Tonning og sønene Heine (6) og Isak (8) Hoel Tonning brukte søndagen i skibakken på Vassenden.

ALPINGLADE: Geir Tonning og sønene Heine (6) og Isak (8) Hoel Tonning brukte søndagen i skibakken på Vassenden. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

JØLSTER: Sol, blå himmel og pudder. Geir Tonning er ikkje i tvil: – Det er heilt fantastiske forhold. Heilt konge!

DEL

Saman med borna Isak (8) og Heine (6) har reist til Jølster skisenter for å stå på alpint.

– Vi kosar oss. Eg snakka nett med ein annan også som er her ofte, og han sa at dette er dei beste forholda han har opplevd. Det kunne ikkje vore betre, seier Geir Tonning.

Lang billettkø

Dette er andre helga Jølster skisenter har ope. Klokka 05.00 søndag morgon var dei ute og preparerte løypene for å vere klare til dagens innrykk.

– Det er bra tilsig av folk, men billettkøen er lang og går seint. Vi prøver å betene dei så godt som mogleg, seier Even Hole, dagleg leiar i Jølster skisenter.

To av fire heisar er opne og ifølgje Fnugg det er ca. 30 cm sø i løypa og 60 cm i terrenget. Likevel må ein over 400 meter for å finne snøen og der er det pudderforhold, fortel Hole.

– Når kulda kjem komande veke vil vi fylle på med meir snø der det er størst slitasje, samt produsere kunstsnø slik at vi kan få snø i heile bakken. Viss vi klarar det er resten av sesongen berga, seier Hole.

Alle skisentera har ope

Sogndal skisenter opna heile anlegget laurdag. Breimsbygda skisenter skriv på Facebook at enorme mengder puddersnø ligg og ventar, medan Stryn skisenter har to meter snø i terrenget og 80 cm i løypene.

I Hornindal er heile anlegget ope med nypreparerte løyper.

Les også:

Aldri opplevd slike snømengder i november 

No opnar skisenteret 

Artikkeltags