Sette ny personleg rekord på 3000 meter

Eli Anne Dvergsdal, opphavleg frå Helgheim i Jølster, tok bronse på 3000 meter i innandørs-NM i fiidrett i Haugesund.

Eli Anne Dvergsdal, opphavleg frå Helgheim i Jølster, tok bronse på 3000 meter i innandørs-NM i fiidrett i Haugesund. Foto:

DEL

Eli Anne Dvergsdal fekk tida 9.48.32 under Karbinlekene på Fana stadion fredag kveld. Så fort har ho aldri før sprunge 3000 meter utandørs.

Dvergsdal spring for Gneist friidrett, men er opphavleg frå Jølster, og er best kjent for å vere motbakkespesialist.

Den nye personlege rekorden til Dvergsdal er også den beste tida nokon kvinneleg løpar frå Sogn og Fjordane har oppnådd, ifølge statistikken ein kan finne på Norges friidrettsforbund sine nettsider.

Artikkeltags