Varslar kraftige regnbyer

REGNSKYLL: Yr melder opp mot 120 millimeter nedbør på 18 timar i Gaular. Varselet for andre stader i Sunnfjord er mykje likt.

REGNSKYLL: Yr melder opp mot 120 millimeter nedbør på 18 timar i Gaular. Varselet for andre stader i Sunnfjord er mykje likt. Foto:

NVE har sendt ut flaumvarsel for Vestlandet.

DEL

Yr.no melder alvorlege nedbørsmengder onsdag kveld og natt til torsdag. På Sande er det meldt at det kan komme opp mot 120 mm nedbør frå onsdag kveld til torsdag formiddag. Varselet for andre stader i Sunnfjord er mykje likt.

Tysdag ettermiddag sende NVE ut flaumvarsel på gult nivå for Vestlandet, på grunn av den kraftige nedbøren som er venta. Dei åtvarar på sine nettsider om at dette kan føre til lokale overfløymingar.

Dei rår innbyggarar til å halde seg oppdaterte på situasjonen og varslar om at situasjonen kan føre til stengde vegar og bruer.

Statsmeteorolog Steinar Skare ved Vervarslinga på Vestlandet sa tysdag morgon at det er litt tidleg å seie akkurat kor alvorleg nedbøren vil ramme:

Varmt, men så ...

– Det vi no veit, er at godvêret vil halde seg til onsdag ettermiddag. Vi får svært gode temperaturar, 25 varmegrader og kanskje vel så det. Det vil komme litt skyer, kanskje, men vêret blir varmt og godt.

Men så begynner ting å endre seg, og det kan skje fort:

– Utpå ettermiddagen vil det komme inn eit tog av byer som kan bli ganske kraftige. I tillegg kjem det ein kaldfront som kjem inn tidleg torsdag, og den vil og ha med seg nedbør. Så vi ventar ein god del nedbør. Eg kan ikkje akkurat no seie kor alvorleg det blir. Vi vurderer no og utover formiddagen om vi skal sende ut farevarsel, seier Skare, som seier ein vil ha betre overblikk over situasjonen etter middag i dag.

Lågtrykksfest

– Denne veka blir det lågtrykksfest i Norskehavet, skriv #Meteorologene på Twitter.

– Lågtrykka kjem frå heile Nord-Atlanteren, og desse bidreg til å skubbe unna varmlufta og trekke fuktig luft inn mot Norge. Når så mange lågtrykk er i sving samstundes, blir det vanskelegare å varsle vêret, skriv dei.


Artikkeltags