Får bygge kraftverket i Jølstra

NVE går for Sunnfjord Energi som utbyggar av kraftverk i Jølstra.

NVE går for Sunnfjord Energi som utbyggar av kraftverk i Jølstra. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

JØLSTER: Noregs vassdrags- og energidirektorat går for Sunnfjord Energi som utbyggar av Jølstra kraftverk.

DEL

Det var to selskap som søkte om løyve til å bygge ut kraftverket i Jølstra: Sunnfjord Energi og Nordkraft Prosjekt AS.

– NVE tilrår løyve til Sunnfjord Energi då dette alternativet gjer høgare kraftproduksjon enn det andre alternativet, med nær dei same verknadane for miljøet. NVE meiner løysinga til Sunnfjord Energi utnyttar eksisterande vassressursar på ein god måte, seier Rune Flatby, avdelingsdirektør i NVE.

I innstillinga er det lagt til grunn ei utbygging slik Sunnfjord Energi søkte om.

Eit betydeleg bidrag

Kraftverket skal nytte fallet i Jølstra mellom Jølstravatnet og Movatnet, og vil ha ei samla installert yting på 60 MW. Utbygginga vil gi 200 GWh ny fornybar energi, noko som svarar til straumbruken til rundt 10.000 husstandar.

– Vi har jobba med dette prosjektet i mange år og meiner vi har gode løysingar for å nytte energiressursen i elva. Vi er glad for at NVE i dag har stadfesta dette, seier prosjektleiar Kjell Johnny Kvamme i ei pressemelding.

NVE har i den samla vurderinga lagt vekt på at Jølstra kraftverk vil gje eit betydeleg bidrag til produksjon av ny fornybar energi, der ein stor del er vinterkraft.

Pålagd minstevassføring

Dei mest sentrale problemstillingane knytt til konsesjonsspørsmålet, gjeld fisk og elvesportaktivitetar som rafting og padling. I tillegg er Jølstra eit viktig landskapselement i Jølsterdalen. For å redusere dei negative verknadene, er det foreslått fleire avbøtande tiltak.

– Utbyggar er mellom anna pålagd minstevassføring sommar og vinter, og tiltak for å sikre fiskevandringar og produksjonsområdar for fisk, understrekar Flatby.

No skal Olje- og energidepartementet slutthandsame prosjektet og ta endeleg avgjerd.

Artikkeltags