Dette var ikkje langt unna rekorden

Terje Årnes med aure på 9,5 kilo i Jølstravatnet laurdag morgon.

Terje Årnes med aure på 9,5 kilo i Jølstravatnet laurdag morgon. Foto:

JØLSTER: Ny stor aure på land i Jølstravatnet

DEL

Jølstravatnet leverer nok ein gong ein aure i rekordklassen. Laurdag morgon kunne Terje Årnes ta på land ein fisk på heile 9,5 kilo.

– Ja, det er tydeleg at dette er eit godt tidspunkt å få storfisk på, ler Terje Årnes då Firda kontaktar han på føremiddagen laurdag.

I 40 år

– Eg heldt på å ta opp garna mine på Årneset på sørsida av Jølstravatnet, på hi sida av Ålhus. Då kjende eg plutseleg at det drog kraftig til i garnet, og eg såg denne ruggen, seier Årnes som er ein svært erfaren aurefiskar.

– Eg har drive på med dette fisket i 40 år, og det er alltid spennande. Så langt er dette den største auren eg har fått. Den gamle rekorden min var på 7,8 kilo for to år sidan. Og det er ikkje så langt unna rekorden til Sverre Amundsen på 1990-talet som fekk ein fisk på 12,1 kilo på sluk, seier Årnes etter suksessfisket laurdag. På garnfiske skal rekorden vere 15,5 kilo.

– Eg har drive med garnfiske på Jølstravatnet i årevis, og har både flyte- og botngarn. Og denne gjekk i eit botngarn, og hadde ein uvanleg god kondisjon. Den hadde rulla seg inn i garnet, og sat heldigvis godt fast. Men klok av erfaring tok eg ingen sjansar då fiske kom opp til båtripa. Eg tok neven inn i gjellene og tok fisken om bord. Og eg tok den ikkje ut av garnet av frykt for at den skulle bykse ut av båten igjen, for det var veldig kraft i den, seier Årnes.

God tid

Auren vog så vidt over 9,5 kilo, og Årnes fekk fiske-kollegaer til å komme med kontrollvekt.

– Ja, då eg stod der i tussmørket med mi gamle bismer-vekt, så trudde eg ei stund at fisken vog meir enn rekorden på 12,1 kilo. Difor bad eg nokre kollegaer komme med ei ny vekt. Og då stoppa den så vidt over 9,5 kilo, seier Årnes om det som truleg er den største auren teke i Jølstravatnet på lang tid.

– Ja, eg veit at det har vore teke nokre fiskar på over 10 kilo tidlegare. Og så tok Ivar Sægrov ein aure på 9,4 kilo i 2015. Så dette er nok eit godt stykke oppe på lista. Men det hadde sjølvsagt vore endå kjekkare om den kunne ha vore heilt på toppen. Men dei finst sikkert der nede framleis, smiler Årnes.

– No er fisken bløgga og eg har rissa inn forma på den. Så frys eg den, og så skal den bli kaldrøykt. Kjøtet på desse store fiskane er sjølvsagt ikkje så fint som fisken rundt kiloen, men den er uansett god som matfisk, seier Årnes.

God kondisjon

Fisken var ein hannfisk, og hadde ei lengd på 87 centimeter.

– Dette dokumenterer nok ein gong at Jølstravatnet er eit svært godt fiskevatn. Og det er tydeleg at dette er riktig årstid for å få fisk. For eg hugsar at eg sjølv 6. september i 2015 fekk ein aure på 7,8 kilo. Dagen etter fekk eg ein på 5,1, medan Ivar Sægrov følgde etter med ein på 9,4 den 8. september. Og viss vi legg til fisken i dag, 9. september, på 9,5 kilo, så er dette ei optimal tid for storfisken. Eg veit ikkje kvifor, men det er tydeleg at slik er det berre, ler Årnes.

Artikkeltags