Gå til sidens hovedinnhold

Har laga 1000 meter lang tunnel her

Artikkelen er over 3 år gammel

SAMFERSDLE: Tek ut masse, og lagar ny tunnel.

Alle som køyrer strekninga Skei–Fjærland på riksveg 5, ser at inne i Kjøsnesfjorden, nærare bestemt i Pevika, er det laga eit tunnelinnslag som går rett inn i fjellet. Her vert det henta ut steinmasse til E39-prosjektet mellom Skei og Bjørset. Men samstundes kan Statens vegvesen fortelje at dei også har byrja å lage ein lengre tunnel som skal gje sikrare riksveg 5.

Sjå saka på Statens vegvesen sine sider.

Deler seg i to

Ny tunnel mellom Kjøsnes og Støylsnes-tunnelen er inne i Norsk Transportplan for perioden 2018-2029, og planen er at arbeidet med denne tunnelen skal ta til når E39-arbeidet er ferdig.

– Vi starta opp arbeidet med dette tverrslaget sist sommar. 140 meter inne i fjellet deler dette innslaget seg i to: Ein arm går vestover i retning Kjøsnes, medan den andre går mot Lundebotnen. Dette skal bli deler av den nye tunnelen på riksveg 5. No er denne omtrent ein kilometer lang, seier kontrollingeniør Kim Runar Søgnen Haugsbø til Statens vegvesen sine nettsider.

Blir 6,5 kilometer

Den nye tunnelen skal totalt bli 6,5 kilometer lang når den vert opna, og skal gjere strekninga Kjøsnes-Lunde rassikker.

Les også:

Presenterer tunnelplanar

Her har det komme 86 ras sidan 1980

Nytt stort ras i Kjøsnesfjorden

Vegvesenet viser til at den nye tunnelen i Kjøsnesfjorden er ein vinn-vinn-situasjonen for anleggsutviklinga i dette området.

– Grunnen til at vi har starta no er for å utnytte at vi har to prosjekt som kan dra nytte av kvarandre, fortel byggeleiar på E39 Bjørset-Skei, Jan Bjarne Thorsnes, til Statens vegvesen sine nettsider.

– For å bygge veg treng vi fjellmasse. Når ein driv tunnel, får ein masse til overs. Ved å starte med tunnelen no slipp vi leite etter masse til å bygge opp vegen mellom Bjørset og Skei. Dessutan blir vi kvitt fjellmassar frå tunnelen som elles hadde blitt deponert. Det er ein vinn-vinn-situasjon, seier Thorsnes.

Medio november er det henta ut mellom 80 000 og 90 000 m³ masse. Totalt har dei mål om å ta ut 200 000 kubikkmeter.

Kommentarer til denne saken