Kristine (20) frå Jølster skal på scena i Oslo

SKAL OPPTRE: Kristine Søgnesand frå Jølster skal opptre i ny danseframsyning.

SKAL OPPTRE: Kristine Søgnesand frå Jølster skal opptre i ny danseframsyning. Foto:

JØLSTER/OSLO: Kristine Søgnesand er ein av 13 dansarar som skal vere med på den nyskapande førestillinga Habitat.

DEL

– Å vere med på ei slik storsatsing er ei stor moglegheit, seier Kristine Søgnesand frå Jølster.

Habitat er eit stykke der 13 elevar ved Høgskulen for Dansekunst er utøvarar. Stykket har premiere 18. september på scena Rom for Dans i Oslo, kor dei allereie har fire av seks utselde hus.

Habitat skal også visast på den internasjonale dansefestivalen «Oktoberdans» i Bergen.

Ikkje nervøs endå

– At stykket skal visast på dansefestivalen i Bergen, er veldig kjekt. Vi har aldri laga eit stykke saman med elevar som skal visast på eit internasjonalt arrangement før, seier produsent Mari Haugen.

Saman med mellom anna lærarar ved skulen har elevane brukt om lag to veker på førestillinga. Dei har no to veker igjen å øve til premieren.

– Eg er ikkje så nervøs endå, men eg er spent på reaksjonen til publikum, seier Kristine Søgnesand.

Ho fortel at førestillinga er retta mot elevar på vidaregåande skule. Dei skal halde fem førestillingar for vidaregåande elevar.

SUPERSTUDENT: Rektoren på danseskulen som Kristine Søgnesand går på, skildrar jølstringen som ein superstudent.

SUPERSTUDENT: Rektoren på danseskulen som Kristine Søgnesand går på, skildrar jølstringen som ein superstudent. Foto:

Eit eksklusivt studie

Kullet til Søgnesand er det første som tek bachelor i dansekunst og koreografisk tenking, då skulen tidlegare har vore fagskule. Då dette kullet byrja, fekk skulen om lag 70 søkarar og tok inn 17 av dei, deriblant Søgnesand.

– I dag er det 13 elevar, som gjer studiet veldig eksklusivt. At det er så få elevar gjer at dei får god oppfølging, og får god hjelp til å utvikle sin eigen dans, seier rektoren på skulen, Camilla Myhre.

Frå Sandane til Oslo

Søgnesand byrja på Høgskulen for Dansekunst i 2016 etter tre år på danselinja på Firda vidaregåande skule. Noko av det ho likte best på vidaregåande var å koreografere sjølv, og etter tips frå lærarar søkte ho seg inn på Høgskulen.

– Høgskulen for Dansekunst er den einaste skulen i landet der studentane blir både utøvande dansarar og koreografar, og valet blei difor veldig enkelt. Skulen tek inn om lag 20 elevar kvart tredje år, så at eg var ferdig på vidaregåande akkurat det året dei tok inn nye elevar var perfekt, seier Søgnesand.

Ho fortel at dei hadde fleire dagar med praktisk opptaksprøve, i tillegg til intervju.

Rektoren på skulen skryt av jølstringen.

– Kristine er det vi kan kalle ein superstudent. Ho har eit særeige uttrykk, og ein eigen måte å bevege seg på, seier rektor Camilla Myhre, som tykkjer det er veldig kjekt med ein student frå Jølster.

Vil tilbake til Sunnfjord

Søgnesand seier planen er å vende heimover i framtida.

– Den store draumen hadde nok vore å drive med dans, seier Kristine Søgnesand. Ho er klar på at ho vil tilbake til Jølster og vil gjerne drive med dansekunst og koreografi her også.

HABITAT: Publikum blir invitert inn i ulike habitat i løpet av førestillinga.

HABITAT: Publikum blir invitert inn i ulike habitat i løpet av førestillinga. Foto:

Artikkeltags