Brot på kloakkleidningen frå Vassenden – kloakken tyt opp i Hjelbrekkefeltet

– Brotet har skjedd i Hjelbrekkefeltet. Gjennom røret kjem kloakk frå så å seie heile Vassenden, seier teknisk vakt Tor Arild Segtnan.

DEL

– Det er ikkje noko triveleg syn. Eller triveleg lukt, seier Segtnan.

Han seier kommunen fekk melding om brotet for ei stund sidan, og at dei jobbar med å få folk på plass for å finne brotet og deretter tette det.

– Vi må også få på plass ei pumpe for å få vekk det som har komme opp, seier Segtnan.

Han seier kloakkleidninga som no er lekk er hovudkloakken frå Vassenden, som går vidare til reinseanlegget ved Langhogane.

Kor lang tid det vil ta før dei klarar å tette lekkasjen, er klokka 17.15 uklart.

– Det er laurdag, og det tek litt tid å få kalla ut mannskap. Så må ein først lokalisere lekkasjen, så grave opp og få tetta. Men dette har høg prioriter, og vi trur vi skal klare å få det gjort i løpet av dagen, seier Segtnan.

Artikkeltags