Brann i hytte på Jølster: – Totalskadd

BRANN: Like etter klokka 22.00 melde politiet at brannvesenet var i gang med ettersløkking på staden.

BRANN: Like etter klokka 22.00 melde politiet at brannvesenet var i gang med ettersløkking på staden. Foto:

Ein person var i hytta då det begynte å brenne, men denne kom seg ut uskadd, melder Alarmsentralen.

DEL

Tysdag kveld, like før klokka 21.45, begynte det å brenne i ei hytte på Jølster. Politiet melde raskt at hytta var overtent.

Ingen skal vere skadde.

Politiet opplyser at det er snakk om ei lita hytte på rundt 15-20 kvadratmeter i Svidalsvegen på Vassenden. Det skal ikkje vere fare for spreiing.

– Brannvesenet er nett framme på staden. Dei melder om full overtenning, opplyste Siv Sørstrand ved Alarmsentralen i Florø klokka 21.50.

Kom seg ut og melde frå

Det skal ha vore ein person i hytta då det begynte å brenne. Denne kom seg ut og melde frå til naudetatane, opplyser ho.

– Innringar var uroa for at brannen skulle spreie seg til vegetasjonen, men brannvesenet på staden opplyser at det ikkje er fare for det, seier Sørstrand.

HYTTA: Det var ei lita hytte som brann. Den blei totalskadd.

HYTTA: Det var ei lita hytte som brann. Den blei totalskadd. Foto:

Ho opplyser at hytta ikkje har straum.

Sløkte brannen

Klokka 21.50 melde Politiets operasjonssentral i Bergen at brannvesenet var starta med sløkking, og få minutt seinare var dei ifølge politiet begynt å få kontroll på brannen.

– Brannvesenet er i gang med ettersløkking og patruljen på staden skal no snakke med vedkommande som var i hytta, seier operasjonsleiar Morten Rebnord like etter klokka 22.00. Han kan førebels ikkje seie noko meir om kva som er årsaka til at det begynte å brenne.

Ifølge Sørstrand ved Alarmsentrale er hytta totaltskadd.

Etterforskar saka

Eline Klavestad, politi på staden, opplyser klokka 22.20 at sjølve brannen er sløkt men kan ikkje seie så mykje meir om kva som har skjedd.

– Det har vore brann i ei hytte, og per no er årsaka ukjend. Vi etterforskar no kva som har skjedd, seier Klavestad.

PÅ STADEN: Kvifor det begynte å brenne er førebels uvisst, seier Eline Klavestad frå politiet. Dei etterforskar saka.

PÅ STADEN: Kvifor det begynte å brenne er førebels uvisst, seier Eline Klavestad frå politiet. Dei etterforskar saka. Foto:

Artikkeltags