– Eg kan stadfeste at eg har fått ein telefon frå sjefen min i Norsk Folkehjelp at Jølster Mottak skal leggast ned, seier mottaksleiar Grete Apelseth før ho må springe i møte for å orientere bebuarane.
Ifølge Apelseth vert alle dei ni tilsette sagt opp, og må sjå seg om etter anna arbeid.
Jølster Mottak vart oppretta i mars 2010 som eit ordinært mottak. Det har 130 faste plassar, og 20 tilleggsplassar.
Om lag 80 av plassane er på mottaket i det tidlegare hotellet på Vassenden, resten er i hybelbygg og i såkalla desentraliserte mottak.