Nytt ras på Jølster – har søkt utan funn

80 METER: Like før klokka 21 blei det meldt om eit nytt, rundt 80 meter breitt ras på sørsida av Jølstravatnet.

80 METER: Like før klokka 21 blei det meldt om eit nytt, rundt 80 meter breitt ras på sørsida av Jølstravatnet. Foto:

Like før klokka 23 melder politiet at det ikkje er gjort funn av personar eller bilar i rasområdet. På grunn av rasfare er det ikkje gjort søk på land.

DEL

Eit nytt ras har gått i Jølster tysdag kveld. Raset har gått over vegen som går på sørsida av Jølstravatnet, like ved Marteslåttane. Politiet anslår at raset er rundt 80 meter breitt.

– Det blei meldt frå ulike vitne til raset om at minst ein bil blei tatt av raset. Det blei også meld om observasjon av éin person i vatnet, seier Stein Rune Ø. Halleraker, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, i ei pressemelding klokka 21.50.

Alarmsentralen i Florø fekk melding om raset klokka 20.50, og det skal vere snakk om store jordmassar som har rasa ut i vatnet.

– Vi har ikkje kontroll på tal personar eller tal bilar, men det er ingen som er meld sakna frå området per no.

SISTE: Klokka 22.52 melder politiet at det er søkt med redningshelikopter der raset har gått. Redningshelikopteret har returnert til Florø, fordi det ikkje lenger er flyvêr i området.

Fire båtar frå Røde Kors driv overflatesøk frå båt, melder Halleraker i politiet like før klokka 23.

– Det er per no ikkje gjort funn av personar eller bilar i rasområdet, seier Halleraker i ei pressemelding.

I samråd med geolog på staden har innsatsleiar vurdert faren for nye ras så stor at det ikkje kan bli sendt mannskap inn til området på land.

– Det er derfor ikkje gjort søk på land, opplyser politiet.

Starta evakuering

– Det vert jobba kontinuerleg med å få kontroll på hendinga, men på grunn av faren for nye ras er det ikkje mogleg å sende ressursar inn i området, seier Halleraker i pressemeldinga tysdag kveld.

Politiet seier at personar vert evakuerte frå bygningar i området.

Helikopter og dykkarar er på staden

Vaktleiar Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen i Florø fortel at ein bil skal vere teken i raset.

Det var først meldingar om at to bilar var tekne, men dette vart korrigert til å vere ein bil med hengar.

– Ein person skal også ha hamna i vatnet, seier vaktleiaren.

Lokale båtar reiste til rasstaden for å assistere.

Det er også sendt eit redningshelikopter og redningsdykkarar frå Ålesund og Måløy.

Fv. 451 på sørsida av Jølstravatnet er heilt stengd for lokal trafikk/omkøyring grunna flaumskredet, melder Statens vegvesen.

Artikkeltags