2000 unge slit psykisk med å vere i arbeid

NAV prioriterer unge arbeidsuføre høgt.

NAV prioriterer unge arbeidsuføre høgt.

Av

Reduksjon i mottakarar av arbeidsavklaringspengar er gledeleg, men mange unge slit psykisk med å vere i arbeid.

DEL

Tal mottakarar av arbeidsavklaringspengar (AAP) i Hordaland og Sogn og Fjordane vart monaleg redusert gjennom 2018.

– Nivået var allereie lågt i dei to fylka og det er gledeleg at reduksjonen held fram, seier Anne Kverneland Bognes, direktør NAV Vestland, i ei pressemelding. 

– Likevel har vi ei stor utfordring når vi har 2000 unge menneske med psykisk diagnose som treng omfattande bistand for å kome tilbake til utdanning eller arbeid i fylka våre, legg ho til.

Dei gode tidene med stor etterspurnad etter arbeidskraft bidreg positivt til denne utviklinga.

Talet på mottakarar fall med 1330 (10,4 prosent) i Hordaland og 301 (12,4 prosent) i Sogn og Fjordane.

– Vi registrerer reduksjon i alle fylka, men nedgangen hjå oss er særleg positiv ettersom prosentdel på AAP frå før er mellom dei lågaste i landet, seier Bogsnes.

På landsnivå har 69,5 prosent av personar under 30 år som mottok arbeidsavklaringspengar, ei lett eller alvorleg psykisk liding.

–  Gitt at våre to fylke ligg på det nasjonale gjennomsnittet utgjer dette 1 925 menneske som kan miste både utdanning og sjansar i arbeidslivet med store konsekvensar for den enkelte.  NAV prioriterer denne gruppa svært høgt, men vi er heilt avhengige av eit utvida samarbeid med utdanning, helse og arbeidsliv for å snu denne utviklinga.  Ny arbeidsmetodikk med parallell bistand frå til dømes helse, arbeidsgjevar og NAV syner at det nyttar sjølv for personar med tunge psykiske lidingar. Det er lovande, seier Bognes i pressemeldinga. 

 

Artikkeltags