Talet på uføre aukar, men flest er i jobb i Sogn og Fjordane

UFØRE I SOGN OG FJORDANE: Prosentdel uføre som del av arbeidsfør befolkning i Vestland desember 2018. Raudt betyr høgaree del enn snittet, blå betyr lågare del enn snittet.

UFØRE I SOGN OG FJORDANE: Prosentdel uføre som del av arbeidsfør befolkning i Vestland desember 2018. Raudt betyr høgaree del enn snittet, blå betyr lågare del enn snittet. Foto:

VESTLAND: Ved utgangen av 2018 var det 880 fleire uføre i Vestland enn året før. Likevel aukar prosenten mindre enn på landsbasis.

DEL

– Det er gledeleg at talet på uføre aukar mindre i Vestland enn elles i landet, seier direktør i Nav Vestland, Anne Kverneland Bogsnes i ei pressemelding.

Ved utgangen av 2018, var det 880 fleire i Vestland som tok i mot uføretrygd enn året før. Dette gir ei prosentvis auke på 2,7 mot 4,1 på landsbasis.

– Auken i talet på uføretrygda dei siste åra har samanheng med innstrammingar i reglane for arbeidsavklaringspengar og demografiske endringar, seier Bogsnes.

Flest i jobb i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane var 23 prosent av dei uføretrygda registrert med eit arbeidsforhold i slutten av 2018. Dette er best i landet. I Hordaland er talet 18 prosent, det same som på landsnivå.

– Bruken av gradert uføretrygd er positivt, då det gir mottakaren moglegheit til å ta del i arbeidslivet. I eit fylke med aukande mangel på kvalifisert arbeidskraft er dette bra både for den enkelte og for næringslivet, seier Bogsnes.

Av dei nye mottakarane av uføretrygd i Vestland i 2018, har 27 prosent ein gradert uføretrygd. I 2017 var talet 26 prosent.

Størst auke i aldersgruppa 18–29 år

Samanlikna med 2017, er det største auka på talet uføretrygda i aldersgruppa 18–29 år. Her er auken 12,7 prosent i Vestland, mot 14,1 prosent på landsbasis. Bogsnes meiner dette delvis kan skuldast avvikling av ordninga med tidsavgrensa uførestønad.

– Det må likevel også sjåast i samanheng med at fleire med alvorlege sjukdommar overlever lenger, grunna betre medisinsk behandling, seier ho.

Artikkeltags